Brömsebro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 56°17′56.627″N 15°59′47.173″E

Minnesmerke over freden i Brömsebro (1645)

Brömsebro er ein tidlegare tettstad i Karlskrona- og Torsås kommun i Blekinge og Kalmar län i Sverige. I 2005 hadde staden 213 innbyggjarar, 133 av desse i Karlskrona kommune.[1] Tilsvarande tal for 2010 var 138, der 84 var i Karlskrona,[2] noko som gjorde at staden mista sin status som tettstad (tätort) i Statistiska centralbyrån sine lister.

Brömsebro ligg om lag 22 kilometer nordaust for Karlskrona. Brömsebro låg på grensa mellom Sverige og Danmark før 1658. Ved freden i Roskilde vart Skåne, Halland og Blekinge svensk.

Brömsebro var to gonger åstad for samtalar om fred mellom Sverige og Danmark, først i 1541 og så den meir kjende freden i Brömsebro i 1645. Nær staden ligg òg ruinane etter ei dansk festning kjend som Brømsehus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistiska Centralbyrån 1960-2005 (besøkt 21. juni 2013)
  2. Statistiska Centralbyrån (besøkt 18. juni 2013)