Brød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brød frå ulike kornslag.
Foto: Peggy Greb

Brød er ein matvare laga av deig som er blitt steikt eller dampa. Det finst ei rekkje ulike brødslag frå heile verda. Dei kan etast varme som kalde, vera ferskvare som varer éin dag eller tola langvarig lagring.

Ingrediensar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan laga brød av så lite som mjøl og vatn, men salt høyrer òg som regel med, og andre væsker kan brukast. Ein kan bruka mjøl frå ein type korn eller fleire. Kveite er eit særs vanleg kornslag til å laga brød av, ettersom det har eit høgt gluteninnhald som gjer at det lett heng saman. Brød kan òg lagast av til dømes rug eller mais som einaste kornslag.

Frø, nøtter eller krydder kan brukast for å setja smak på brødet. Feittstoff, egg og honning er andre ting ein kan ha i brøddeigen. Mange brød hever ved hjelp av eit stoff som utviklar gass i brødet, kan henda gjær, men det finst òg mange typar flatbrød som ikkje hever.

Brødmaking[endre | endre wikiteksten]

Utkjevling av nanbrød.
Ein moderne brødmakarmaskin.

For å laga eit brød må ein blanda til ein deig, forma han, og så steika brødet. Skal det heva må ein i kalde klima syta for at det står varmt nok. For at deigen skal få dei rette eigenskapane må ein kna eller elta han akkurat nok.

Der brød er hovudmat er brødbaking ofte blitt rekna som heilag arbeid, gjerne berre for kvinner. Andre stader tok profesjonelle bakarar over det viktige arbeidet med å laga brød. I moderne tid har me fått brødmakarmaskinar som kan baka eit brød over natta.

Servering[endre | endre wikiteksten]

Velfylte smørbrød.

Som regel blir brød servert attåt noko anna, ettersom det i seg sjølv kan vera noko keisamt å eta. Eit norsk uttrykk om fengselslivet seier at ein et vatn og brød der, noko som ikkje er meint å vera forlokkande. Kva ein et brødet med finst det nesten ikkje grenser for. Det kan serverast med pålegg, frå ost til rekesalat, eller til hovudrettar, som suppe eller karri. Brødet kan fyllast, anten før steiking, som pizza eller croissantar, eller etterpå, som tortillaer eller lomper.

Brød kan vera store eller små. Dei små blir serverte som dei er medan store brød kan skjerast, brekkast eller rivast i mindre delar. Ferdigoppskorne brød blir skorne opp på særskilde maskinar før dei blir selde, og er populære i land der ein gjerne ristar brødet før ein et det. Ulempen med slike brød er at dei fort blir gamle.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brød