Brødrene Dal og mysteriet om Karl XIIs gamasjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brødrene Dal og mysteriet om Karl XIIs gamasjer
Typefjernsynsserie
SjangerKomedie
OpphavslandNoreg
ProduksjonslandNoreg
Sesongar1
Episodar10
SpråkNorsk
SkaparKLM
ProdusentAnnelene Søyland
ManusTrond Kirkvaag
Knut Lystad
Lars Mjøen
RegiTorunn Calmeyer Ringen
KlippKnut Hansen
MusikkBjørn Morten Christophersen
HovudrolleTrond Kirkvaag
Knut Lystad
Lars Mjøen
Periode15. januar 2005–
24. mars 2005
KanalNRK1

Brødrene Dal og mysteriet om Karl XIIs gamasjer er ein norsk komiserie som gjekk på NRK1 i 2005. Serien er av og med Lars Mjøen, Knut Lystad og Trond Kirkvaag og er den fjerde serien om brødrene Dal. Regissør var Torunn Calmeyer Ringen. I denne serien må brørne spore opp gamasjane til Karl XII for å unngå at Noreg må tilbake i union med Sverige i samband med 100 årsjubileet for unionsoppløysinga i 2005.

Jakta bring dei til ulike tidsepokar og historiske storhendingar i dei to landa, mellom anna underskrivinga av unionsoppløysingstraktaten i Karlstad i 1905, slaget på Dynekilen i 1716 med Tordenskjold, slaget ved Fredriksten Festning i 1718 der Karl XII blir drepen og fredsforhandlingane i Kiel 1814.[1] Premieren vart sett av 1,24 millionar.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Redder oss fra svenskene». Aftenposten. 13. januar 2005. Henta 2. juni 2018. 
  2. «Mest sett den 15. januar». VG. 22.01.2005. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]