Brødrene Dal og professor Drøvels hemmelighet
Type | fjernsynsserie |
---|---|
Sjanger | Komedie/Eventyr |
Opphavsland | Noreg |
Produksjonsland | Noreg |
Utgjevingsår | 1979 |
Sesongar | 1 |
Episodar | 13 |
Lengd | 160 min. (totalt) |
Språk | Norsk |
Skapar | KLM |
Manus | Trond Kirkvaag Knut Lystad Lars Mjøen |
Regi | Eivind Aaeng Kalle Fürst |
Produksjonsleiar | Svein Toreg |
Hovudrolle | Trond Kirkvaag Knut Lystad Lars Mjøen |
Kanal | Norsk rikskringkasting |
Biletformat | 4:3 |
Brødrene Dal og professor Drøvels hemmelighet er ein TV-serie frå 1979 og den første av seriane om Brødrene Dal. Regissørar var Eivind Aaeng og Kalle Fürst.
I 1950 forsvann professoren Kurt Drøvel medan han skulle utforske den ukjende elva Overfloden i utkanten av Oslo. Alle freistnader på å berge han var mislukka. 28 år seinare drar brørne Dal på ei ferd i ein kano opp Overfloden for å finne ut kva som verkeleg skjedde med professor Drøvel.[1]
Serien var vist på NRK våren 1979.
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Brødrene Dal og professor Drøvels hemmelighet (TV Mini-Series 1989–)». IMDb. Henta 3. juni 2018.