Brønnøysund vidaregåande skule
Brønnøysund vidaregåande skule | |
![]() | |
Kommune | Brønnøy |
---|---|
Nettstad | brsund.vgs.no |
![]() Brønnøysund vidaregåande skule |
Brønnøysund vidaregåande skule (BVS) ligg sentralt i Brønnøysund i Brønnøy kommune på Sør-Helgeland. Det er over 465 elevar og 120 tilsette på BVS. Skulen tilbyr 21 ulike programområde og tek imot elevar frå nabokommunane Vega, Bindal. Sømna og Vevelstad.[1]
Historie[endre | endre wikiteksten]
Tidlegare var skulen delt i to vidaregåande skuler, kalla Østtun som var ei yrkesfagleg skule og Vesttun som var gymnas. I 1990 blei dei to skulane slått saman til ein skule.
Skulen vart pussa opp frå 2013 til 2014, da fekk skulen kantine og bibliotek.
Dei fleste studietilboda er plassert i skulebygget som ligg ved Samfunnshuset. Ei avdeling, Teknisk og industriell produksjon ligg fire kilometer lenger nord i Brønnøysund.[1] Skulen brukar og Brønnøyhallen og turområdet Svarthopen i undervisninga.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 «om-skolen - Brønnøysund videregående skole», brsund.vgs.no, henta 2. november 2022