Brør og halvbrør
| | |||
| Forfattar(ar) | Halvor Floden | ||
|---|---|---|---|
| Språk | nynorsk | ||
| Sjanger | barnebok | ||
| Utgjeven | 1911 | ||
| Forlag | Olaf Norlis Forlag | ||
Brør og halvbrør er ei barnebok frå 1911 av Halvor Floden.[1] Det var den første boka hans.[2][3] Boka var illustrert av Otto Valstad, og utkom på Olaf Norlis Forlag. Før ho kom ut, hadde boka same året gått som føljetong i Norsk Barneblad.[4][5]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Da boka kom ut, var forfattaren lærar og busett på Horndalen skule aust i Elverum. Før boka vart bok, hadde han prøvelese forteljinga for elevane sine.[6][7] Floden byrja som lærar i Elverum i 1905, og kjøpte og busette seg på småbruket Svea (Schulstadsvea) i Hernes i 1916.[8] Halvor og Anne Floden hadde på denne tida 3 barn, fødd 1907–1911.[9]
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Slik det er vanleg hos Floden, er handlinga lagt til ei austnorsk skogbygd.[10] Boka handlar om dei tre brørne Egil, Arne og Ola på garden Bø, og om samspelet og opplevingane deira i gardsarbeidet og i leiken. Det er ein gard der dei må slite hardt for livberinga.[11] Egil er 12 år gamal, og er leiaren mellom dei.[12] Ola er 13 og eldst, men er «berre halvbror». Han er dertil seinare enn dei to andre; «han står både åndelig og legemlig tilbake», skriv barnebokhistorikaren Sonja Hagemann.[11] Samspelet mellom dei tre brørne, med utstøyting og forsoning, blir omtalt som «eit tydeleg sosialt motiv».[13] Mange av bøkene til Floden handlar om barn som er utstøytte.[14] Den mest dramatiske hendinga i boka er i siste kapittel. Gutane leiker tømmerfløyting, og Egil kommer i livsfare. Det er Ola som berger han.
Omtale
[endre | endre wikiteksten]Meldaren «A.S.» i Den 17de Mai peiker på at gutane «flyg opp i sinne for den minste ting … og stødt gjeng atti vegen for einannan», men og på at det ender med forsoning.[15] Anders Hæreid i Indlandsposten ønska seg ei anna bok, med meir om barns kjærleik til dyr.[16] Fleire peiker på at Floden verka inspirert av Rasmus Løland.[14][17] Boka vart óg meldt av Sigurd Nergaard i Østlendingen 4.12.1911 og av Andreas Vamraak i Gula Tidend 4.12.1911.[18] Boka var og omtala i andre avisar, uten særlege vurderingar.[19][20][21]
Kristofer Uppdal skreiv om boka i 1919, i en gjennomgang av nynorsk barnelitteratur. Uppdal meinte at boka «var rik på smaa hendingar men utan sers store drag».[22] Litteraturhistorikaren Andreas Winsnes skreiv at Brør og halvbrør høyrer til mellom Flodens beste bøker.[23] Dag Hareide skriv om boka i ein artikkel. Har har intervjua sønane til Floden, og siterer dei på at faren ikkje var heilt nøgd med boka. Hareide peiker og på at Floden er ein moralsk forfattar som avrunder boka med forsoning.[14] Også Sonja Hagemann peiker på det etiske temaet i boka.[11] Bjørg Jåstad ser det som ein veikskap ved boka at det utstøytte må gjere ein «heltedåd» før dei andre får auga opp for han; ho meiner det er ei «lettvint og tilfeldig løysing … som sjeldan hender i det verkelege liv».[13]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Floden, Halvor (1911). Brør og halvbrør. Kristiania: Norli.
- ↑ Magne Skrede (1964). «Trysil i norsk diktning. Halvor Floden». Trysil-boka. 4. Trysilboknemnda. s. 184-189. ISBN 8271040308.
{{cite book}}: ISBN / Date incompatibility (hjelp) - ↑ Sørbø, Jan Inge (2018). Nynorsk litteraturhistorie. Oslo: Samlaget. s. 235. ISBN 9788252188967.
- ↑ Birkeland, Tone; m.fl. (1997). Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo: Samlaget. s. 73, 93. ISBN 8252143814.
{{cite book}}: CS1 maint: multiple names: authors list (link) - 1 2 «Norsk barneblad». Oslo. 1911.
- ↑ Frifant (1919). «Paa innsteg hjaa Trysil-diktaren …». Den 17de mai 1919.08.08. Oslo. s. 2.
- ↑ Halldis Moren Vesaas (1957). «Halvor Floden». Norsk pedagogisk tidsskrift. Oslo. s. 89-93.
- ↑ Norske gardsbruk : Hedmark fylke. 1. Oslo. 1943. s. 426.
{{cite book}}: CS1 maint: location missing publisher (link) - ↑ Halvor Floden; Historisk befolkningsregister
- ↑ Tordia Ørjasæter, m.fl. (1981). Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år. Oslo: Cappelen. s. 203. ISBN 8202019052.
- 1 2 3 Hagemann, Sonja (1974). Barnelitteratur i Norge 1914-1970. Oslo: Aschehoug. s. 37f. ISBN 8203061869.
- ↑ Beate Kraggerud (1987). «En barnebokklassiker : Halvor Floden». Steinerskolen; nr 1/1987. Oslo. s. 9-13.
- 1 2 Bjørg Jåstad (1977). «Halvor Floden – talsmann for dei veike?». Syn og segn. Oslo. s. 27-33.. Artikkelen står óg i Ei bok om Halvor Floden, 1984
- 1 2 3 Dag Hareide (1984). «Livssynet til Halvor Floden». Ei bok om Halvor Floden. Årbok for Glåmdalen. s. 62-80.
- ↑ «Den 17de mai 1911.12.09». Oslo. 19111209. s. 1.
{{cite news}}: Check date values in:|utgjeve år=(hjelp)CS1 maint: year (link) - ↑ Anders Hæreid (1911). «Nye bøker». Indlandsposten 1911.12.13. Kongsvinger. s. 2.
- ↑ Tov Flatin (1911). «Baanelesnad». Buskeruds Amtstidende 1911.12.13. s. 1.
- ↑ Guri Velure (1984). «Bibliografi». Ei bok om Halvor Floden. Årbok for Glåmdalen. s. 80-102.
- ↑ «Nordmør 1911.11.28». 1911. s. 1.
- ↑ «Møre 1911.11.29». 1911. s. 3.
- ↑ Adolf Arctander (1911). «Boksjaa». Unglyden 1911.11.30. Voss. s. 1f.
- ↑ Kristofer Uppdal (1919). «Halvor Floden og dei yngste norskmaals-barnebokforfattarar». Den 17de mai 1919.02.13. Oslo. s. 2.
- ↑ Winsnes, A.H. (1937). Norges litteratur : fra Februarrevolutionen til verdenskrigen. 2. Oslo: Aschehoug. s. 506.
- ↑ Floden, Halvor (1936). Brør og halvbrør. Oslo: Norli.