Brünigpasset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brünigpasset, frå passhøgda

Brünigpasset er ein fjellovergang mellom kantonane Bern og Obwalden i Sveits. Fjellovergangen i 1 008 meters høgde knyter saman Meiringen i kantonen Bern med Lungern i Obwalden i det sentrale Sveits.

Over fjellskardet går det både køyreveg og jarnveg. Køyrevegen vart bygt 1861-68, medan jarnvegen vart opna i 1888. Jarnbanen vert trafikkert av 'Zentralbahn' som går mellom Luzern and Interlaken. Køyrevegen er heilårsveg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]