Brașov
Brașov | |||||
---|---|---|---|---|---|
Brașov sett frå toppen av fjellet Tâmpa | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | ![]() | ||||
Fylke | Brașov | ||||
Grunnlagd | 1408 | ||||
Borgarmeister | George Scripcaru | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By - Storbyområde |
267,2 km² 1368.5 km² | ||||
Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik - Storbyområde |
277 945 1 040,2 /km² 399 316 | ||||
Koordinatar | Koordinatar: | ||||
Høgd over havet | 600 moh | ||||
Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | RO-500000 | ||||
Retningsnummer (tlf) | +40 02 68 | ||||
Bilnummer | BV | ||||
Nettstad: www.brasovcity.ro |
Brașov (braˈʃov; ungarsk Brassó; tysk Kronstadt; latinsk: Brassovia eller Corona) er ein by i Romania og hovudstaden i Brașov fylke. Han har om lag 285 000 innbyggjarar og er den åttande største byen i etter București, Cluj-Napoca, Timișoara, Iași, Craiova, Constanța og Galați.
Brașov ligg sentralt i landet, om lag 166 km frå București. Han er omgjeve av Dei sørlege Karpatane og er ein del av regionen Transilvania.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Byen vart grunnlagt under namnet Corona (Kronstadt) av ordensbrørne frå Den tyske riddarordenen på byrjinga av 1200-talet, som søraustlegaste tyske by i Siebenbürgen. I 1225 måtte ordensbrørne forlate byen og slo seg ned i Baltikum. Byen var gjennom mange hundreår det kulturelle, andelege og religiøse sentrum for siebenbürgen-saksarane, den tyske folkegruppa i Siebenbürgen, som hadde slått seg ned i området på 1200-talet og utgjorde majoriteten i byen fram til 1800-talet. Byen er òg ein av dei sju festningsbyane som gav namn til Siebenbürgen. På 1200- og 1300-talet gjekk tatarar og tyrkarar stadig til åtak på byen. Så seint som på 1600-talet var byen og regionen gjennom plasseringa si ved grensa til Det osmanske riket. Byen og regionen høyrte sidan mellomalderen til Kongedømet Ungarn og dermed det habsburgske riket (seinare Austerrike-Ungarn). Sidan Trianontraktaten i 1920 har byen vore ein del av Romania. Mellom 1951 og 1961 vart byen kalla Orașul Stalin etter Josef Stalin av det sovjetinnsette kommunistregimet. I 1989 var byen ein av dei første der folk gjorde opprør mot kommunistdiktaturet under den rumenske revolusjonen. I dei siste tiåra har byen hatt ein rumensk majoritet. Det bur derimot framleis ein del ungararar der. Den tyske folkesetnaden har derimot nesten heilt forsvunne på grunn av bortdriving etter den andre verdskrigen og seinare utvandring. I dag er det om lag 1400 tyskarar att i byen.
Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]
- Bran slott - bygd av Den tyske riddarordenen og inspirasjonskjelde for Bram Stoker sin Dracula.
- Biserica Neagră - «den svarte kyrkja», ei mellomalderkyrkje frå 1383 (gjenoppbygd i 1477).
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Brașov» frå Wikipedia på engelsk, og «Brașov» frå Wikipedia på bokmål den 9. juli 2008.
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Virtuell rundtur gjennom Brașov
- Memorial Museum «Muresianus’ House» (engelsk)
- Brasov visitor (engelsk-språkleg magasin)