Armføtingar
Utsjånad
(Omdirigert frå Brachiopoda)
| Armføtingar | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Underrike: | Bilaterale dyr Bilateria |
| Infrarike: | Protostomia |
| Rekkje: | Armføtingar Brachiopoda Duméril, 1806 |

Armføtingar eller lampeskjel (Brachiopoda, etter gresk brachium - «arm» og poda - «føter») er ei gruppe virvellause dyr som lever i kalkskjel. Gruppa er ikkje i nær slekt med muslingar, men høyrer derimot til lophophoratane saman med mosdyr og hesteskomakk. Dei representerer ei særs gamal rekkje med dyr; dei eldste fossila er frå 600 millionar år gamle bergartar.
Armføtingane er i dag ei relativt lita og artsfattig gruppe, med om lag 335 beskrivne artar kjend frå alle hav. Dei var langt meir hyppige før i tida, med eit høgdepunkt for 300 millionar år sidan: Totalt er rundt 30 000 artar kjend frå fossilrekkja.[1]
Ved norskekysten er det funne ni artar nolevande armføtingar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Moen & Svensen: Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna s. 389
- Brusca & Brusca: «Lophophorates» i Invertebrates, Sinauer Associates 2002
- Moen, Frank Emil & Svensen, Erling: «Armføttinger» i Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna Kom Forlag 2003