Brad Delp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brad Delp

Delp i 1976
Fødd12. juni 1951(1951-06-12)
FødestadPeabody i Massachusetts i USA
Død9. mars 2007 (55 år)
DødsstadAtkinson i New Hampshire i USA
FødenamnBradley Edward Delp
OpphavDanvers i Massachusetts i USA
Aktiv1969–2007
SjangerHardrock, rock
Instrument
  • Vokal
  • gitar
  • munnspel
  • klaverinstrument
Stemmetypetenor
Tilknytte artistar
PlateselskapEpic, MCA, Artemis
Verka somMusikar, songar-låtskrivar

Bradley Edward Delp (12. juni 19519. mars 2007) var ein USA-amerikansk songar og låtskrivar, mest kjend som solovokalist i rockebanda Boston og RTZ.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I 1969 introduserte gitaristen Barry Goudreau Delp for Tom Scholz, som såg etter ein songar til demoinnspelingane sine. Etter kvart skipa Scholz det kortvarige bandet Mother's Milk (1973–74), med Delp og Goudreau. Mother's Milk utvikla seg etter kvart til Boston, og dei gav ut debutalbumet sitt (spelt inn 1975) i august 1976. Delp song all solo- og korvokal på albumet. Debutalbumet selde meir enn 20 millionar eksemplar og gav rockestandarar som «More Than a Feeling», «Foreplay/Long Time» og «Peace of Mind». Delp var medlåtskrivar på «Smokin'» i lag med Scholz, og skreiv avslutningssporet på albumet, «Let Me Take You Home Tonight». Delp song òg på det neste Boston-albumet, Don't Look Back, i august 1978.

Etter dei to første Boston-albuma song Delp vokal på debutalbumet til Barry Goudreau i 1980. Perfeksjonismen til Scholz og eit søksmål frå platesselskapet gjorde at det neste Boston-albumet ikkje kom ut før i 1986, då Third Stage kom ut. Delp var medlåtskrivar på songane «Cool the Engines» og «Can'tcha Say (You Believe in Me)/Still in Love» for albumet.

I 1991 skipa Delp og Goudreau bandet RTZ. Etter at Boston gav ut albumet Walk On i 1994 med Fran Cosmo på vokal, kom Delp og Boston saman att for ein større turné, og Delp fortsette å syngje på fleire album og prosjekt med Boston.

9. mars 2007 døydde Delp ved sjølvmord.[1]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

med Boston[endre | endre wikiteksten]

med Barry Goudreau[endre | endre wikiteksten]

med Orion the Hunter[endre | endre wikiteksten]

med RTZ[endre | endre wikiteksten]

med Delp and Goudreau[endre | endre wikiteksten]

med Mark «Guitar» Miller[endre | endre wikiteksten]

  • Whatcha Gonna Do! (2008)

Gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

  • Bruce Arnold - Orpheus Again (2010)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Band Boston Fan Site – Lead singer of band Boston dies». Gonnahitcharide.com. Henta 15. mai 2020. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Brad Delp