Brad Walker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brad Walker
Osaka07 D8A M-Pole Vault Brad Walker celebrating.jpg
Fødd 21. juni 1981 (40 år)
Aberdeen
Yrke stavhopper, friidrettsutøvar
Brad Walker på Commons

Brad Walker (fødd 21. juni 1981) er ein amerikansk stavsprangutøvar.

Walker vart fødd i Aberdeen i Sør-Dakota. Han gjekk på University High School i Spokane i Washington og konkurerte i fotball og friidrett. Mens han gjekk på University of Washington vart han innandørs collegemeister i stavsprang to gonger. I 2005 vart han amerikansk meister både innandørs og utandørs.

I verdsmeisterskapen i friidrett i 2005 tok Walker sølv med eit sprang på 5,75 meter. I 2006 vann han innandørsverdsmeisterskapen i Moskva med 5,80 meter. I juli 2006 hoppa han over 6 meter for første gong. Han vart verdsmeister i stavsprang i 2007 med 5,86 meter. Han sette ny personleg og amerikansk rekord 8. juni 2008 med 6,04 meter.