Brage den gamle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brage den gamle
Fødd 800
Yrke skald, skribent
Opphavet til skaldskapen: i ørne-ham stal Odin skaldskapsmjøden frå jotnen Suttung, og gav han til æsene og dei folk som kan dikte.
(Illustrasjonen er frå ein biletsteinGotland)

Brage den gamle[Note 1] eller Brage Boddason (norrønt: Bragi hinn gamli) var ein skald som levde i tida frå omkring 800 til 850. Han var truleg norsk og han er den eldste skalden vi har skaldedikt etter.

(I den norrøne mytologien er Brage òg namnet på guden for dikting og skaldekunst.)

Sjølv om kjeldene er usikre, blir Brage den gamle i dag rekna som ein historisk person[1], og truleg budde han ein stad sør på Vestlandet. I den islandske landnåmaboka [2] (kafli 22) er det nemnt om Brage at han var gift med Lofthøna (Lofthænu), dotter til skalden Erp lutande (Erps lútanda) og han hadde ei dotter som heitte Astrid Sløkedreng (Ástríður slækidrengur). I Landnåmaboka er òg nemnt mellom etterkomarane etter Astrid, både Arinbjørn herse i Firda og skaldane Tind Hallkjellsson og Gunnlaug Ormstunge .

I Skaldatal[3] er Brage den gamle ført opp som skald hos kongane Ragnar Lodbrok, Eystein Bele og Bjørn på Haug[Note 2]. Snorre Sturlason siterer dikt av Brage både i Skaldskaparmål[4] og i Ynglingesoga i Heimskringla. Han skal òg ha vore skald hjå den mytiske kongen Hjor Halvsson og han er nemnd i fleire av islendingesogene, mellom andre soga om Halv og Halvsrekkene[5], soga om Geirmund Heljarskinn[6], soga om Hervor[7] og i soga om Egil Skallagrimsson[8].

Dikta etter Brage den gamle er rekonstruert frå ulike kjelder og forståinga av dei er usikker. Desse dikta er kjende:

  • Ragnarsdråpa[9] 12 vers, eit skjoldkvad, truleg til Ragnar Lodbrok.
  • Tor og Midgardsormen[10] 6 vers
  • Fragment[11] 6 vers
  • Lausavise[12] eit vers, to versjonar
  • Brage og trollkvinna[13] 1 vers

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tilnamnet «den gamle» er ikke kjent frå Brage si eiga levetid, men ein trur at det vart først brukt i Skaldatal (frå 1200-talet) for å skilje han frå den yngre skalden Brage Hallsson som levde seinare (han var skald hos kong Håkon Sverresson i Noreg på 1100-talet).
  2. Det er usikkert kven kong Eystein Bele var. Bjørn på Haug kan ha vore ein «rex Bern» som er nemnd som konge over Birka i Sverige. I islendingesoga Soga om Hervor (Hervarar saga ok Heiðreki)(sjå ref.) er dei to kongane Eystein Illråde, son av Harald Hildetann og Bjørn på Haug nemnde i samband med ei forteljing om Brage skald

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den oldnorske og oldislandske litteraturs historie av Finnur Jónsson (første bind)
  2. Landnåmabok frå snerpa.is (norrøn tekst)
  3. Skáldatal på norrønt, frå is.wikisource
  4. Skaldskaparmål frå heimskringla.no
  5. HÁLFS SAGA OG HÁLFSREKKA frå snerpa.is
  6. Geirmundar þáttr heljarskinns Geirmund Heljarskinn
  7. Hervarar saga ok Heiðreki Soga om Hervor (frå snerpa.is)
  8. Egilssoga omsett av Leiv Heggstad (Samlaget 1950)
  9. Ragnarsdråpa (Skaldic Project)
  10. Tor og Midgardsormen (Skaldic Project)
  11. Fragment (Skaldic Project)
  12. Lausavise (Skaldic Project)
  13. Brage og trollkvinna (Skaldic Project)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]