Bragernes torg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bragernes torg sett mot Bybrua og Strømsø
Foto: Kjetil Lenes, 2006
Bragernes torg sett mot rådhuset (til høgre) og brannvakta. Bragernes kyrkje i bakgrunnen.
Foto: Kjetil Lenes, 2006
Fontena «Sankt Hallvards brønn» av Ørnulf Bast. Motivet syner til legenda om Den heilage Hallvard som vart drepen og senka i Drammensfjorden.

Bragernes torg er ein langstrekt open plass på Bragernes i Drammen, frå Bybrua og opp til det komplekset som dei to tårnbygningane, brannvakta og Drammen rådhus (ferdig i 1871), utgjer til saman, der dei ligg på kvar si side av Kirkegata vidare opp til Bragernes kyrkje. Den klare og markerte aksen mellom Bragernes kyrkje, over det langstrekte Bragernes torg og vidare over Bybrua fram til Strømsø torg attmed Drammen jarnbanestasjonStrømsø på den andre sida av Drammenselva, er eit karakteristisk drag i bybiletet. Både Strømsø torg og Bragernes torg er pryda med skulpturar gjort av norske bilethoggarar.

Fram til langt inn på 1800-talet hadde det dåverande Bragernes Torv ei breidd som varierte frå 17 til 23 meter, og var etter måten ikkje særleg stort. Seinare vart det utvida, men avgrensa mot nord omlag der som Øvre og Nedre torggate kjem inn på torget i dag. Nordover, opp mot Bragernesåsen, låg det opne løkker.

I 1812 var det ferdig ei bybru (klaffebru) over Drammenselva om lag på same staden som Bybrua ligg i dag. Dei gamle og staslege husa attmed torget, som Albumgården og Børsbygningen (Børs- og Comediehuset, øydelagt i bybrannen i 1866, erstatta av nybygg i 1871) fekk no fleire større bygningar i grannelaget, mellom anna Drammens Sparebank, Drammen rådstue (rådhus) og Capjon-gården. Bygningane ikring torget gjekk tapt ved bybrannen i 1866, då 388 hus i byen strauk med. Etter brannen vart torget regulert, og dei bygningane som då vart oppført, har for det meste vorte ståande uendra i alle år.

Bragernes Torv vart eit sentralt handelstorg for byen, med kontrollstasjon for slakt, sal av landbruksprodukt og sal av husflidsartiklar. Torget vart òg stemneplass og møteplass sommar som vinter, med ei fontene av støypejern, «Løvefontenen», som midtpunktet. Fontena var ei gåve til byen frå den engelske verksemda som hadde levert utstyret til vassverket, som vart sett i drift i 1863. I 1952 vart «Løvefontenen» erstatta av «Sankt Hallvards brønn», ei fontene av bilethoggaren Ørnulf Bast (1907-1974).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]