Brain Capers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brain Capers
Studioalbum av Mott the Hoople
Språk engelsk
Utgjeve 19. november 1971 (Storbritannia/Canada)
Januar 1972 (USA)
Innspelt August–september 1971
Studio Island, London
Sjanger Hardrock
Lengd 38:03
Selskap Island (UK/Canada), Atlantic (USA)
Produsent Guy Stevens
Mott the Hoople-kronologi 
Wildlife
(1971)
Brain Capers All the Young Dudes
(1972)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]
Christgau's Record GuideB[2]
Rolling Stonepositiv[3]

Brain Capers er det fjerde studioalbumet til det engelske rockebandet Mott the Hoople.

Det kom ut i november 1971 i Storbritannia på Island Records og på Island Records i Canada. I januar 1972 kom det òg ut i USA på Atlantic Records.

Utgjevinga selde dårleg i starten og det var det einaste av albuma til Mott the Hoople som ikkje gjek inn på albumlista i Storbritannia[4] eller USA.

Den første arbeidstittelen var AC/DC, men vart byta ut med ein kombinasjon av dei alternative titlane Brain Damage og Bizarre Capers..[5] Dei første innspelingane vart produserte av bandet sjølv, men vart gjevne opp og deira svengali Guy Stevens vart henta inn for å berge innspelinga. Fleire av desse innspelingane dei gjorde på eiga hand dukka opp på All the Young Dudes: The Anthology og som bonusspor på Angel Air-utgåvene av Mott the Hoople-albuma.

Plateomslaget på den originale britiske og kanadiske utgåva har ikkje maska ein kan sjå på den amerikansk versjonen (og somme seinare nyutgjevingar). Det var ei faktisk maske på innsida av den britiske versjon av albumet, men ikkje med den kanadiske utgåva. Bandnamnet og linja under det er midt på omslaget, der maska ville ha vore og tittelen vart flytta til toppen.

Albumet er dedisert til James Dean.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Death May Be Your Santa Claus»Ian Hunter, Verden Allen4:55
2.«Your Own Backyard»Dion DiMucci, Tony Fasce4:13
3.«Darkness, Darkness»Jesse Colin Young4:33
4.«The Journey»Hunter9:15
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Sweet Angeline»Hunter4:53
6.«Second Love»Allen3:46
7.«The Moon Upstairs»Hunter, Mick Ralphs5:07
8.«The Wheel of the Quivering Meat Conception»Hunter, Guy Stevens1:21
Bonusspor på 2003-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
9.«Midnight Lady»Hunter, Ralphs3:33
10.«The Journey»Hunter9:47

«The Wheel of the Quivering Meat Conception» er i røynda del to av «The Journey», som byrjar med inntoning der «The Journey» tidlegare tona ut.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Mott the Hoople[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Stephen Thomas Erlewine. «Brain Capers». AllMusic. Henta 15. mars 2022. 
  2. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: M». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 8. mars 2019 – via robertchristgau.com. 
  3. Ed Leimbacher (2. mars 1972). «Brain Capers». Rolling Stone. 
  4. Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 381. ISBN 1-904994-10-5. 
  5. This is referenced by an oblique credit on the back cover that reads «Sleeve - Bizarre Damage.» (Original Atlantic Records pressing, cat. no. SD 8304.)