Brain Salad Surgery

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brain Salad Surgery
Studioalbum av Emerson, Lake & Palmer
Språk engelsk
Utgjeve 19. november 1973
Innspelt Juni til september 1973
Studio Advision og Olympic Studios, London
Sjanger
Lengd 45:02
Selskap Manticore
Produsent Greg Lake
Emerson, Lake & Palmer-kronologi 
Trilogy
(1972)
Brain Salad Surgery Welcome Back, My Friends, to the Show That Never Ends ~ Ladies and Gentlemen
(1974)


Singlar frå Brain Salad Surgery
  1. «Jerusalem»
    Utgjeve: 30. november 1973

Brain Salad Surgery er det fjerde studioalbumet til det engelske progressiv rock-bandet Emerson, Lake & Palmer, gjeve ut 19. november 1973 på deira eige selskap, Manticore Records, og distribuert av Atlantic Records.

Etter turneen for det førre albumet deira, Trilogy (1972), fekk gruppa øvingslokale for arbeide på nytt materiale, der dei skulle blande klassisk musikk og rock. For å få kontroll på sakene, starta dei opp sitt eige plateselskap, Manticore, i mars 1973.[1] Albumet vart spelt inn frå juni til september i Olympic og Advision Studios, og miksa i oktober 1973 i AIR Studios i London. Som alle dei tidlegare albuma deira, vart albumet produsert av Greg Lake. Plateomslaget vart designa av H.R. Giger.

Plata fekk blanda kritikk då det kom ut, men har med tida blitt ett i eit meir positivt lys.[2][3][4] Brain Salad Surgery selde godt og nådde andreplassen i Storbritannia[5] og 11. plasseen i USA,[6] og etter kvart selde det til gullplate i begge landa. For å marknadsføre albumet la trioen ut på den største verdsturneen deira til då, inkludert det største trekkplasteret på festivalen California Jam.

Albumet er blitt ommastra og miksa på ny og gjeve ut på ny fleire gonger, mellom anna ein ny stereomiks og 5.1-kringlydmiks av Jakko Jakszyk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Etter dei gav ut det tredje albumet, Trilogy, i juli 1972, turnerte gruppa i Europa og USA, og helt utselde konsertar.[7] I starten av 1973 hadde Emerson, Lake & Palmer fått stort suksess i både Storbritannia og USA.

Gruppa hadde vore noko misnøgd med plateselskapet deira Atlantic Records og kor lite dei hadde involvert seg. Kring januar 1973 valde Keith Emerson, Greg Lake, Carl Palmer, og manageren deira Stewart Young å skipe sitt eige plateselskap. I lag kjøpte dei den nedlagde kinoen ABC i Fulham i West London og bygde det om til eit øvingslokale og kontor for selskapet, som seinare fekk namnet Manticore Records. Lake sa: «Me sette opp Manticore for å prøve å lage heile plateprosessen så bra som mogeleg. Me kjende òg til andre artistar som hadde problem med å gitt ut musikken sin og få plateavtale».[8] Sidan gruppa visste at dei ikkje hadde nok tid til å drive selskapet vart marketingpersonen Mario Mediuos frå Atlantic, som hadde arbeidd med gruppa sidan debutalbumet, henta inn for å vere direktør i Manticore i april 1973. Atlantic tok seg av distribusjonen.

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Emerson, Lake & Palmer byrja å arbeide på nytt materiale i slutten av 1972. Som Lake forklarte i eit intervju, så vart det førre albumet deira, Trilogy, spelt inn med ein 24-sporsmaskin og hadde for mange ekstraspor som gjorde det særs vanskeleg å gjenskape skikkeleg på scenen. Så trioen var samde om å spele inn eit album dei kunne framføre på konsertane sine. Øvingslokale i den tidlegare kinoen gjorde at gruppa kunne spele live, så skrive, spele live igjen, skrive igjen osv. Dette førte til at bandet kjende det som om dei spelte føre eit publikum og gav tekstlinjer som «Welcome back, my friends, to the show that never ends...».[9]

Skriving[endre | endre wikiteksten]

Under skrivinga av albumet mot slutten av 1972 og i starten av 1973 tok dei første to spora form. Eit av dei var den første satsen i det som vart den dominerande komposisjonen på albumet, den episke «Karn Evil 9», og den andre var ei utgåve av fjerde satsen av Alberto Ginastera sin 1. Piano Concerto.

Pete Sinfield var medforfattar av tekstane i lag med Greg Lake for «Karn Evil 9» og «Benny the Bouncer».

Med ei lengd på nesten 30 minuttar bestod «Karn Evil 9» av tre satsar (kalla «impressions»). På grunn av avgrensa tid, måtte den første satsen delast i to delar mellom side ein og to av vinylplata. På den originale CD-utgåva på Atlantic opprettheld denne delinga av suiten, medan seinare CD-utgåver har slått dei to spora saman til ein samanhengande versjon. All musikken til dette stykket vart komponert av Emerson og kan skildrast som ei futuristisk blanding av klassisk musikk og rock. Strukturmessig er den første og tredje satsen skild av ein lengre instrumental, trass i at heile komposisjonen i starten vart skriven som ein instrumental.[3] All tekst i første satsen er skriven av Lake. Lake ønskte hjelp til å skrive tekst til tredje satsen og fekk med seg tekstforfattaren Pete Sinfield, som Lake hadde arbeidd med då han var i King Crimson. Sinfield hadde planlagt eit soloalbum og hadde spurt Lake om hjelp til å få det ut på Manticore. Lake gjekk med på å la plateselskapet støtte prosjektet til Sinfield og spurte i tillegg om han kunne hjelpe til med tekstane til det neste albumet deira. Sinfield sa: «Eg var halvvegs gjennom soloalbumet då Greg ringde meg og sa at Manticore ville gje det ut. Haken var at han ønskte at eg skulle skrive tekstar for eit langt stykke som hadde byrja å ta form».[10] Hovudtemaet er eit slag mellom ein kunstig og ein naturleg intelligens, som endar med at menneske blir overteken av datamaskinen han har funne opp. Stykket hadde først fått tittelen «Ganton 9» av Emerson, etter ein oppdikta planet der all vondskap og dekadanse var blitt kasta bort. Men Sinfield meinte at musikken Emerson hadde skrive høyrdest ut som eit karneval, og kom opp med tittelen «Karn Evil 9».

Den mest gjenkjennelege delen av «Karn Evil 9» er den andre delen og inneheld den kjende linja «Welcome back, my friends, to the show that never ends...», som sidan vart tittelen på det andre konsertalbumet deira.

Emerson hadde tenkt på å spele inn ein versjon av den fjerde satsen («Toccata concertata») av Ginastera sin Første Pianokonsert heilt attende til 1971. Han hadde høyrt stykket første gongen då han spelte i The Nice og hadde «umiddelbart blitt slått av musikken».[11] Emerson hadde ikkje vurdert høve til at Emerson, Lake & Palmer skulle spele stykket før Palmer føreslo å bruke ein trommesolo som kunne vere nøkkelpartiet i komposisjonen. Emerson spelte toccataen for Palmer, som likte det han høyrde. Heile gruppa øvde det så inn, sjølv om det var vanskeleg, sidan Lake ikkje kunne lese notar og Palmer ikkje klarte å omgjere eit noteark skrive for piano til trommer.

Både «Karn Evil 9: 1st Impression» og «Toccata» stod på setlista for ei rekkje konsertar i Europa frå slutten av mars 1973. På denne tida vart eit nytt, dels akustisk nummer, «Still....You Turn Me On», introdusert for publikum. Han var skriven av Lake og songen vart ofte rekna som ein naudsynt balanse til resten av albumet, som var dominert av aggressive komposisjonar.[12] Det neste sporet meint for albumet var ein versjon av ein salme av Hubert Parry, «Jerusalem», med tekst frå «And did those feet in ancient time», eit kort dikt frå innleiinga til William Blake-diktet Milton. Det siste stykket som kom med på albumet var ein honky-tonk piano-basert song kalla «Benny the Bouncer», skriven av Emerson, med tekst av Lake og Sinfield.

Etter albumet var nesten ferdig innspelt, skreiv dei tre stykke til, som vart lagt på hylla ei stund. Desse var den instrumentale «When the Apple Blossoms Bloom in the Windmills of Your Mind I'll Be Your Valentine», skriven av heile gruppa, «Tiger in a Spotlight» og tittelsporet, som begge var skrivne av Emerson, med Lake og Sinfield på tekst. Brain Salad Surgery var det første albumet der Palmer ikkje stod oppført som komponist, men han har likevel omtalt albumet som favorittalbumet hans.[13]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Innspelinga av albumet byrja i juni 1973 i Olympic Studios i Barnes i London, med Lake som produsent, slik han hadde vore på dei førre albuma deira, og Chris Kimsey som lydteknikar. Deet einaste sporet dei fekk på lydband i Olympic var den førte satsen til «Karn Evil 9». Etter ein periode med meir komponering, fortsette arbeide med albumet i august i Advision Studios i Fitzrovia i London, med lydteknikaren Geoff Young. Den andre og tredje satsen til «Karn Evil 9» vart fullført i første halvdelen av den månaden. Dei forvrengde stemmene, inkludert datarøysta i tredje satsen, var røysta til Emerson, den einaste gongen han bidrog med vokal for trioen. For å få til datarøysta køyrde han røysta si gjennom ringmodulatoren til Moog-synthesizeren sin.

Sjølv om gruppa hadde framført eit arrangement av toccaten til Ginastera på den europeiske turneen sin i mars og april 1973, hadde dei skrive fleire instrumentalparti for den endelege versjonen som kom med på plata. Palmer hadde skrive ein perkusjonssats ved hjelp av åtte spesialutvikla trommesyntheszierar. Denne satsen med ein «atmosfærisk», elektronisk lyd vart sett inn i den midtre delen av «Toccata».[14] Kort tid etter stykket spelt inn, i september, vart gruppa klar over at dei ikkje hadde rettane til å gje ut denne musikken. Emerson kontakta forlaget til Ginastera og fekk til svar at han ikkje tillet nokre versjonar av verka sine, men dei rådde dei til å ta det opp med han personleg. Emerson fauk derfor til Geneve for å snakke med Ginastera direkte. Då Ginastera fekk høyre det nye arrangementet gav han løyve til å bruke stykket hans. Emerson sa: «Han spelte innspelinga vår av 'Toccata' på ein kassettspelar. Etter eit par taktar stoppa han lydbandet og ropte 'Djevelsk!' Eg venta at han skulle kaste oss på dør. Han hadde lytta til lydbandet i mono og innspelinga vår var i stereo. Eg hoppa fram og slo over til stereo på maskinen og håpte at han ville lytte ein gong til. Det viste seg at han brydde seg ikkje om det i det heile tatt. Han lytta igjen og sa 'Forferdeleg!' som faktisk var eit kompliment. 'De har fanga essensen i musikken min som ingen andre før har gjort', sa den store maestroen.»[15]

Dei neste songane som vart spelte inn i Advision var «Still....You Turn Me On» og «Jerusalem». Salmen er verdt å merke seg fordi det var første gongen det vart nytta ein polyfonisk synthesizer i historia, ein Moog Apollo, som var ein prototype for ein Polymoog.[16] I lag med den monofoniske Lyra og Taurus bass-synthesizer, utgjorde dei Moog Polyphonic Ensemble, òg kjend som Constellation. Apollo-synthesizeren vart òg nytta av Emerson på «Benny the Bouncer», som var det siste sporet spelt inn for albumet.

Miksing[endre | endre wikiteksten]

Resultatet av den fire månader lage innspelinga vart miksa den første veka av oktober 1973 i AIR Studios i London. Den originale miksen vart avvist av Emerson, Lake & Palmer, så det meste av materialet vart miksa på nytt og dei vart nøgde.[17] Dei første miksane av fleire av spora har sidan vore gjeve ut som bonusspor på nyutgjevingar av albumet.

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Manticore-direktøren Peter Zumsteg introduserte Emerson for popkunstnaren Hans Ruedi Giger, som budde i Zürich. I april 1973 heldt gruppa to konsertar der. Etter konserten vitja Zumsteg kunstnaren heime. På den tida var arbeidstittelen på albumet Medius-omgrepet Whip Some Skull on Ya.[18] Tilfeldigvis hadde Giger nettopp skapt eit hovudskallebasert, tredelt altertavle kalla Work 216: Landscape XIX. Då han viste kunstverket for gjestene, meinte Emerson umiddelbart at det passa for plateomslag.

Sidan vart albumttitelen endra til Brain Salad Surgery, som har same tydinga som Whip Some Skull on Ya.[19][20] Omgrepet var truleg henta frå songen «Right Place, Wrong Time» av Dr. John, som var ein hitsingel sommaren 1973 og som har tekstlinja «I been running trying to get hung up in my mind, got to give myself a little talking to this time, just need a little brain salad surgery, got to cure this insecurity».[17]

Giger måla to ny stykke med om lag same storleik som eit plateomslag, kalla Work 217: ELP I og Work 218: ELP II. Det første måleriet vart nytta som framsida av plateomslaget.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Brain Salad Surgery kom ut i Storbritannia den 19. november 1973 av Manticore Records på vinyl, kassett og 8-spors lydband, distribuert av Atlantic Records. Albumet selde godt og nådde andreplassen på UK Albums Chart og låg der i 18 veker.[5] Han vart stogga frå å nå toppen av Tales from Topographic Oceans av erkerrrivalen deira, Yes. Den 1. mars 1974 hadde albumet selt til gullplate i Storbriannia for 100 000 selde eksemplar.

Trass i at den akustiske Lake-songen «Still....You Turn Me On» stod fram som ein opplagt singel, valde Emerson, Lake & Palmer å ikkje gje ut denne, både fordi Palmer ikkje spelte på songen, og fordi han ikkje representerte resten av albumet eller den generelle retninga deira.[21] I staden valde gruppa «Jerusalem» i lag med eit anna studioopptak, «When the Apple Blossoms Bloom in the Windmills of Your Mind I'll Be Your Valentine». Singelen kom ut 30. november 1973, men BBC bannlyste songen frå å bli spelt på radio.[21] «Jerusalem» gjekk derfor ikkje inn på lista i Storbritannia.

I USA kom Brain Salad Surgery ut i desember 1973 på Manticore og vart igjen distribuert av Atlantic. Det kom ikkje ut nokre singlar her. Albumet klatra til 11. plassen på Billboard 200 og låg der inne i 47 veker, meir enn noko anna Emerson, Lake & Palmer-album.[6] Det selde til gullplate i USA òg, for minst 500 000 selde eksemplar.

Nyutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut på CD første gongen i 1986. Sidan den gongen har albumet blitt ommastra og miksa om att fleire gonger, ofte med bonusspor. I 1993 vart albumet ommastra av Joseph M. Palmaccio. I 2000 gav Rhino Entertainment Company ut ein DVD-Audio med ein 5.1-kringlydmiks av John Kellogg og Paul Klingberg.

I 2008 vart albumet ommastra og gjeve ut på tre plater på Sanctuary Records i høve 35-årsjubileet. Den første plata inneheldt originalplata, ommastra av Paschal Byrne. Den andre plata inneheldt andre innspelingar og miksar tilknytt Brain Salad Surgery, og dei to bonusspora «When the Apple Blossoms Bloom in the Windmills of Your Mind I'll Be Your Valentine» og «Brain Salad Surgery». Den tredje plata var ein hybrid SACD med originalplata i stereo og kringlyd.

I 2014 vart ein avgrensa superluksus boks på seks plater gjeve ut. Her fann ein originalalbumet på første plata, bonussporr frå Brain Salad Surgery på pplate to og ein ny stereoversjon på plate tre. Ein heilt ny 5.1 kringlydmiks av Jakko Jakszyk var på plate fire (DVD-Audio). Filmen The Manticore Special Documentary, fotogalleri og den originale kunsten til Giger var på plate fem (DVD-Video). Den sjette plata var ei 180-gramsvinyl utgåve med originalalbumet. Ein kortare versjon på tre plater, med plate 1, 2 og 4 (utan 5.1.-miksen) kom òg ut på denne tida. I høve 40-årsjubileet vart det gjeve ut ei utgåve med tre plater i Japan.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[3]
Christgau's Record GuideC–[22]
Classic Rock RevisitedA+[23]
The Daily VaultA-[24]
Sea of Tranquility5/5 stars[25]

Då albumet kom ut fekk det delte meldingar. Gordon Fletcher i Rolling Stone meinte at sjølv om Emerson, Lake & Palmer klarte å overvinne «utilstrekkeleg intensitet og mangel på verdig materiale» på dei førre platene, hamna dette i skuggen over alt det positive gruppa gjorde i studio med Brain Salad Surgery, som han rekna som eit «dessverre ujamt album frå ei gruppe med tekniske gåver som andre britiske band knapt kan måle eg med». Særskild rekna han teksten på «Still....You Turn Me On» som noko overdriven og avviste «Benny the Bouncer» som «eit unødvendig, meiningslaus innfall».[26] Robert Christgau, som aldri hadde likt Emerson, Lake & Palmer, skreiv ei melding for The Village Voice som berre bestod av retoriske spørsmål og gav albumet den særs låge karakteren «C–».[27] Pete Erskine i Sounds var derimot positiv om albumet og kalla det «det mest avslappa og melodiske albumet til dags dato og absolutt det mest rocka dei har gjeve ut»[28] Billboard skildra det som «eit kompleks og spanande lydeksperiment som er innom fleire basar - tungrock, flytande jazz og noko spanande pop».[29]

Seinare meldingar har stort sett vore positive. AllMusic-skribenten Bruce Eder meinte at albumet var «Emerson, Lake & Palmer sitt mest suksessrike og beste album, og det mest ambisiøse dei gav ut, i tillegg til det mest høglydte». Han oppsummerte at det representerte «eit høgdepunkt trioen aldri nådde igjen, eller prøvde å nå igjen».[3]

I 2005 rangerte Q Classic og Mojo albumet på femteplassen på lista si «40 Cosmic Rock Albums», som vart publisert i spesialutgåva Pink Floyd & The Story of Prog Rock.[30] I 2015 vart det rangert som det 12. beste progrockalbumet gjennom tidene av Rolling Stone.[31]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«Jerusalem»William BlakeHubert Parry (arrangert av Keith Emerson, Greg Lake og Carl Palmer)2:44
2.«Toccata» (ei utgåve av 1. pianokonsert, 4. sats av Ginastera) Alberto Ginastera (arrangert av Emerson, perkusjon movement—Palmer)7:23
3.«Still...You Turn Me On»LakeLake2:53
4.«Benny the Bouncer»Lake, Pete SinfieldEmerson2:21
5.«Karn Evil 9: 1st Impression—Part 1»LakeEmerson8:43
Side to
Nr.TittelTekstMusikkLengd
6.«Karn Evil 9: 1st Impression—Part 2»LakeEmerson4:47
7.«Karn Evil 9: 2nd Impression» Emerson7:07
8.«Karn Evil 9: 3rd Impression»Lake, SinfieldEmerson9:03
Total lengd:45:02
Bonusspor på Rhino Records-utgåva i 1996
Nr.TittelLengd
9.«The Making of Brain Salad Surgery»13:40
Total lengd:58:58
Bonussspor på Rhino Records DVD-Audio-utgåva frå 2000
Nr.TittelTekstMusikkLengd
9.«Lucky Man»LakeLake 
Bonusspor på Castle Music-utgåva frå 2001
Nr.TittelTekstMusikkLengd
6.«Brain Salad Surgery» (singel)Lake, SinfieldEmerson3:08
7.«When the Apple Blossoms Bloom in the Windmills of Your Mind I'll Be Your Valentine» (singel) Emerson, Lake, Palmer3:57
8.«Excerpts from Brain Salad Surgery» (flexidisk)  5:59
Bonussor frå Shout! Factory-utgåva frå 2007
Nr.TittelTekstMusikkLengd
9.«Jerusalem» (alternativ miks)BlakeParry (arrangert av Emerson, Lake, and Palmer)2:47
10.«Karn Evil 9» (instrumental miks) Emerson13:26
Total lengd:61:17
Plate to av luksusutgåva til Sanctuary Records frå 2008
Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«When the Apple Blossoms Bloom in the Windmills of Your Mind I'll Be Your Valentine» Emerson, Lake, Palmer3:59
2.«Brain Salad Surgery»Lake, SinfieldEmerson3:08
3.«Karn Evil 9: 3rd Impression» (originalt akkompagnement) Emerson9:09
4.«Jerusalem» (første miks)BlakeParry (arrangert av Emerson, Lake, and Palmer)2:46
5.«Still...You Turn Me On» (første miks)LakeLake2:53
6.«Toccata» (første miks) Ginastera (arrangert av Emerson, perkusjon movement—Palmer)7:22
7.«Karn Evil 9: 1st Impression—Part 1» (ikkje tidlegare utgjeven)LakeEmerson8:34
8.«Karn Evil 9: 1st Impression—Part 2» (ikkje tidlegare utgjeven)LakeEmerson4:48
9.«Karn Evil 9: 2nd Impression» (ikkje tidlegare utgjeven) Emerson7:07
10.«Karn Evil 9: 3rd Impression» (ikkje tidlegare utgjeven)Lake, SinfieldEmerson9:05
11.«Excerpts from Brain Salad Surgery» (frå NME Flexidisc 1973)  3:07
12.«Excerpts from Brain Salad Surgery» (løynd spor)  2:52
Total lengd:64:54
Bonuspor på den Legacy/Sony Music-utgåva frå 2011
Nr.TittelTekstMusikkLengd
9.«Brain Salad Surgery»Lake, SinfieldEmerson3:08
10.«When the Apple Blossoms Bloom in the Windmills of Your Mind I'll Be Your Valentine» Emerson, Lake, Palmer3:57
11.«Excerpts from Brain Salad Surgery»  2:51
Total lengd:54:57
Legacy/Sony Music-utgåva frå 2014: The Alternate Brain Salad Surgery
Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«Karn Evil 9: 3rd Impression» (originalt akkompagnement) Emerson9:11
2.«Jerusalem» (første miks)BlakeParry (arrangert av Emerson, Lake, and Palmer)2:46
3.«Still... You Turn Me On» (første miks)LakeLake2:53
4.«Toccata» (alternativ versjon) Ginastera (arrangert av Emerson, perkusjonssats—Palmer)7:23
5.«Karn Evil 9: 1st Impression—Part 1» (alternativ versjon)LakeEmerson8:37
6.«Karn Evil 9: 1st Impression—Part 2» (alternativ versjon)LakeEmerson4:48
7.«Karn Evil 9: 2nd Impression» (alternativ versjon) Emerson7:07
8.«Karn Evil 9: 3rd Impression» (alternativ versjon)Lake, SinfieldEmerson9:06
9.«Excerpts from Brain Salad Surgery» (NME flexidisk-versjon)  2:52
10.«When the Apple Blossoms Bloom in the Windmills of Your Mind I'll Be Your Valentine» (B-side av singel K13503) Emerson, Lake, Palmer3:57
11.«Brain Salad Surgery» (B-side av singel K10946)Lake, SinfieldEmerson3:07
12.«Brain Salad Surgery» (instrumental) Emerson2:22
13.«Karn Evil 9: 3rd Impression» (forskjellig versjon) Emerson8:26
Total lengd:72:36
5-sporsversjon
Nr.TittelTekstMusikkLengd
1.«Jerusalem»BlakeParry (arrangert av Emerson, Lake, and Palmer)2:45
2.«Toccata» Ginastera (arrangert av Emerson, perkusjonssats av Palmer)7:23
3.«Still...You Turn Me On»LakeLake2:53
4.«Benny the Bouncer»Lake, SinfieldEmerson2:21
5.«Karn Evil 9»Lake, SinfieldEmerson29:39
Total lengd:45:02

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Emerson, Lake & Palmer[endre | endre wikiteksten]

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

  • Geoff Young – lydteknikar (alle utanom «Karn Evil 9: 1st Impression»)
  • Chris Kimsey – lydteknikar («Karn Evil 9: 1st Impression»)
  • H.R. Giger – måleri
  • Fabio Nicoli Associates – design og kunstnarisk leiar
  • Rosemary Adams – fotografi

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1973-1974) Plassering
Austerrikske album (Ö3 Austria)[32] 5
Canada Top Albums/CDs (RPM)[33] 10
Tyske album (Offizielle Top 100)[34] 18
Norske album (VG-lista)[35] 5
Britiske album (OCC)[5] 2
US Billboard 200[6] 11

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Manticore Label Will Be Launched in U.K. in Mars». Billboard 85 (7): 54. 1. februar 1973. 
  2. Browne, David (9. mai 2005). «EW Recommends Five Essential Classic-Prog Albums». Entertainment Weekly (New York: Time). Henta 8. februar 2017. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Eder, Bruce. Brain Salad SurgeryAllmusic. Henta 26. februar 2020.
  4. Kelman, John (25. juni 2010). «Emerson, Lake & Palmer: A Time and a Place». All About Jazz. Henta 26. februar 2020. 
  5. 5,0 5,1 5,2 "{{{date}}} Top 40 Official Britiske album Archive | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 26. februar 2020.
  6. 6,0 6,1 6,2 "Emerson, Lake & Palmer Album & Song Chart History" Billboard 200 for Emerson, Lake & Palmer. Prometheus Global Media. Henta 26. februar 2020.
  7. Powell 2008, s. 3.
  8. Powell 2008, s. 5.
  9. Lake, Greg (2002). The Greg Lake Interview. Interview with Shawn Perry. Vintage Rock. Arkivert frå originalen 2. august 2018. Henta 26. februar 2020. 
  10. Powell 2008, s. 7.
  11. Powell 2008, s. 8.
  12. McCulley 2000, s. 10.
  13. Powell 2008, s. 13.
  14. McCulley 2000, s. 13.
  15. Powell 2008, s. 10.
  16. McCulley 2000, s. 7.
  17. 17,0 17,1 Powell 2008, s. 12.
  18. Powell 2008, s. 9.
  19. Emerson, Lake & Palmer (2. mars 1992). Emerson, Lake & Palmer ROCKLINE Interview Part 1. Rockline. Interview with Bob Coburn (Rockline). 
  20. Emerson, Lake & Palmer (22. juni 1992). Emerson Lake & Palmer In The Studio - Brain Salad Surgery. In the Studio with Redbeard. Interview with Redbeard (Dallas: In the Studio with Redbeard). 
  21. 21,0 21,1 Powell 2008, s. 11.
  22. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: E». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 23. februar 2020 – via robertchristgau.com. 
  23. https://www.classicrockrevisited.com/show_review.php?id=1575
  24. Warburg, Jason (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Brain Salad Surgery». dailyvault.com. Henta 23. februar 2020. 
  25. Pardo, Pete. «Emerson Lake & Palmer: Brain Salad Surgery (remastered)». Sea of Tranquility. Henta 23. februar 2020. 
  26. Fletcher, Gordon (31. januar 1974). «Emerson, Lake & Palmer: Brain Salad Surgery». Rolling Stone (New York: Wenner Media). Arkivert frå originalen 9. mai 2006. Henta 26. februar 2020. 
  27. Christgau, Robert. «Review: Brain Salad Surgery». Robert Christgau. Henta 26. februar 2020. 
  28. Erskine, Pete (8 Desember 1973). «Emerson, Lake & Palmer: Brain Salad Surgery». Sounds (London: Spotlight Publications). 
  29. «Top Album Picks: Emerson, Lake & Palmer—Brain Salad Surgery». Billboard 85 (48): 52. 1 Desember 1973. 
  30. «40 Cosmic Rock Albums». Q Classic (Pink Floyd & The Story of Prog Rock ultimate collectors utg.) 1 (7). 14. juli 2005. 
  31. Hermes, Will (122. februar 2020). «50 Greatest Prog Rock Albums of All Time». Rolling Stone (New York: Wenner Media). Arkivert frå originalen 28. november 2016. Henta 8. februar 2017. 
  32. "Emerson, Lake & Palmer - Brain Salad Surgery" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 26. februar 2020.
  33. "Top RPM Albums: Nummer 4969a". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 26. februar 2020.
  34. "Offiziellecharts.de – Emerson, Lake & Palmer – Brain Salad Surgery" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 26. februar 2020.
  35. "Emerson, Lake & Palmer – Brain Salad Surgery". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 26. februar 2020.