Brakakledning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brakje- eller einerkledning helder slagregnet ute, opnar for gjennomlufting og held høyet tørt. Fotografiene er frå Havråtunet.
Foto: Frode Inge Helland

Brakakledning (eller sprakakledning) er ein måte å kle stavbygde vegger på, der det vert nytta brakakvistar heller enn bord[1]. Det er i hovudsak ein vestlandsk skikk, og ein byggjemåte som har vore nytta frå førhistorisk tid og, sume stader, fram til mellomkrigstida[2].

Nærbilde av brakakledning.
Foto: Frode Inge Helland

Veggen vert bygt ved at tilkappa kvistar vert fletta mellom stokkar. Kvistane har baret på. Det går om lag 200 kvistar på ein kvadratmeter, og difor gjerne 25 000 kvistar på ei løe. Kvistane vert tredd for hand, og arbeidet er tidkrevjande[3]. Resultatet vert ein ikkje-berande vegg som er vasstett, men haldbar og luftig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Leksikon:Brakekledning
  2. http://www.muho.no/havratunet/om_havraatunet/samlingane/byggeskikk
  3. arkivkopi, arkivert frå originalen 24. september 2015, henta 10. juni 2014