Brakkebaron

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tyske styresmakter sette i gang utbygging av rullebanen på Værnes allereie i april 1940. Norske arbeidarar hjelpte soleies tyskarane med å byggje ut krigsviktig infrastruktur medan felttoget i Noreg framleiss gjekk føre seg.

Brakkebaron var eit folkeleg omgrep på norske forretningsfolk som stod for bygging av anlegg for den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen.

Etter angrepet på Norge i 1940 var det i fleire år gode tider i bygge- og anleggsbransjen og trelastindustrien, og i perioden 1940-42 vart omsetninga i desse bransjene fordobla. Òg luftfart-, jarnbane- og vegnett vart bygd ut på oppdrag frå tyske militære styresmakter, og mellom 100 000 og 150 000 nordmenn arbeidde for «brakkebaronane». Oppsvinget i desse bransjane var faktisk den viktigste grunnen til at den store arbeidsløysa frå 1920- og 1930-talet forsvann.

I landssvikoppgjeret etter krigen vart omlag 16 000 nordmenn etterforska for økonomisk landssvik, og omlag 20 % vart straffa. Dette var eit lågt tal sammenlikna med dei som vart straffa for ideologisk landssvik (medlemskap i NS og liknande), og brakkebaronane blei stort sett relativt mildt behandla i rettsvesenet. Totalt vart 3 355 personar straffa som krigsprofitørar, av desse fekk 777 fengselsstraff eller tvangsarbeid, mens omtrent to tredelar slapp unna med bøter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen er basert på Brakkebaroner frå Wikipedia på bokmål, versjonen frå 3. juli 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]