Brampton i Carlisle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brampton
Land  Storbritannia
Kart
Brampton i Carlisle
54°56′27″N 2°43′58″W / 54.9409°N 2.7329°W / 54.9409; -2.7329
Wikimedia Commons: Brampton, Carlisle

Brampton er ein marknadsby og eit civil parish i Carlisle i Cumbria i England. Byen har 4 361 innbyggjarar (2001).[1] Det ligg eit slott her, Naworth Castle, der jarlane av Carlisle heldt til.[2]

St Martin's Church i Brampton er kjend som den einaste kyrkja utforma den prerafaelittiske arkitekten Philip Webb, og har eit sett glasmåleri utforma av Edward Burne-Jones og laga ved William Morris sitt studio.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein trur byen blei grunnlagd som ein anglarbusetnad på 600-talet.[3] Brampton blei gjeven status som marknadsby i 1252 av kong Henrik III.[4]

Stadnamnet «Brampton» er fyrst dokumentert i Charter Rolls frå 1252, der det er skrive «Braunton». I Taxatio Ecclesiastica frå 1291 er det skrive «Brampton». Namnet er avleidd frå gammalengelsk 'Brōm-tūn', som tyder 'by/busetnad der det veks gyvel'.[5]

Ei stor motte-and-bailey-borg frå mellomalderen, kejnd som The Mote, har utsyn over byen.

Den opphavlege kyrkja på staden ligg nokre mile vest frå busetnaden. Ho er kjend som Brampton Old Church, og ligg på staden der det var ein romersk festning ved Stanegate.

Brampton jernbanestasjon, på jernbanelinja mellom Newcastle og Carlisle, ligg rundt ei mile utanfor byen, nær busetnaden Milton.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Neighbourhood statistics». Arkivert frå originalen 5. mars 2016. Henta 3. februar 2012.  Arkivert 2016-03-05 ved Wayback Machine.
  2. http://www.britishlistedbuildings.co.uk/en-77855-naworth-castle-brampton
  3. Cumbria Directory: Brampton
  4. «BBC - Domesday Reloaded: TRADE: Brampton Market». Arkivert frå originalen 25 September 2015. 
  5. Eilert Ekwall, The Concise Oxford Dictionary of English Place-names, s. 60.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Brampton i Carlisle