Brand New Day av Blood Sweat & Tears

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brand New Day
Studioalbum av Blood, Sweat & Tears
Utgjeve November 1977
Sjanger Rock, jazz
Selskap ABC
Produsent Roy Halee, Bobby Colomby
Blood, Sweat & Tears-kronologi
More Than Ever
(1976)
Brand New Day Nuclear Blues
(1980)


Brand New Day er det tiande studioalbumet til det amerikanske bandet Blood, Sweat & Tears, gjeve ut i 1977. Det var det første albumet deira for ABC Records og vart produsert av Roy Halee og den tidlegare BS&T-trommeslagaren Bobby Colomby. Colomby og Halee hadde òg i lag produsert det fjerde albumet deira, Blood, Sweat & Tears 4 i 1971. Dette albumet gjekk ikkje inn på topp 200 i USA, men nådde 205. plassen.

Besetninga i gruppa var uendra sidan det førre albumet deira, More Than Ever frå året før, utanom at den originale trommeslagaren Bobby Colomby slutta i bandet. Colomby hadde vore det einaste originale medlemmet att i gruppa då han slutta i 1976. Roy McCurdy tok over på trommer.

Albumet har aldri kome ut på CD, utanom ein uoffisiell versjon i Russland tidleg i 2000-åra.[1]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 starsStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg [2]

Kritikaren Jason Elias skreiv for Allmusic: «I det store og heile var ikkje Brand New Day så nyskapande eller storslått som dei tidlegare albuma deira, men fansen vil like somme av dei betre augneblinka..» Elias skreiv òg «innan 1977 var det musikalske landskapet endra seg, så dette er nærare R&B og polert pop, enn sjangerblandinga gruppa var blitt kjend for.»[2]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Somebody I Trusted (Put Out the Light)»Daniel Moore3:56
2.«Dreaming as One»David Palmer, William Smith4:10
3.«Same Old Blues»J.J. Cale3:07
4.«Lady Put Out The Light»Guy Fletcher, Doug Flett4:00
5.«Womanizer»Randy Sharp3:50
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Blue Street»Randy Edelman4:29
7.«Gimme That Wine»Jon Hendricks5:00
8.«Rock & Roll Queen (A Tribute to Janis Joplin)»Bob Johnson, Phil Driscoll5:10
9.«Don't Explain»Arthur Herzog jr., Billie Holiday6:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Gjesteartistar[endre | endre wikiteksten]

  • Chaka Khan – solovokal på «Dreaming As One»
  • Tommy Morgan - munnspel
  • Pete Jolly – obo
  • Bobby Colomby – perkusjon og vokal
  • Paul Shure – strykarar
  • Willie Smith – vokal og orgel
  • Brenda Bryant, Carl Graves, Ernie Watts, Glen Garrett, John Gross, John Mitchell, John Rosenberg, King Errison, Mike Altshul, Mike Finnigan, Paul Stallworth, Peter Graves, Ray Reed, Bob Payne, Stu Blumberg, Tish Smith, Tom Peterson, Venetta Fields - kor

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Blood, Sweat And Tears – Brand New Day». Discogs. Henta 11. mai 2020. 
  2. 2,0 2,1 Elias, Jason. «New City > Review». Allmusic. Henta 9. mai 2020.