Brandenburgkonsertane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brandenburgkonsert)
Tittelside til Brandenburgkonsertane
Christian Ludwig, markgreve av Brandenburg og halvbror av kong Fredrik I av Preussen

Brandenburgkonsertane er ei gruppe på seks konsertar av Johann Sebastian Bach (BWV 1046-1051), som vart komponert mellom 1718 og 1721, medan Bach var kapellmeister i Köthen.

Under eit besøk i Berlin vinteren mellom 1718 og 1719, der Bach skulle hente ein cembalo for hoffet i Köthen, spelte han for markgreve Christian Ludwig av Brandenburg. Markgreven bad han om å sende han nokre av komposisjonane sine. Først i 1721 sende Bach han dei seks konsertane med ein utførleg tileigning på fransk under tittelen Six Concerts avec plusieurs instruments, som tyder «seks konserter med fleire instrument». Med unntak av den første konserten var alle nøyaktig tilpassa orkesteret i Köthen, markgreven sitt eige orkester i Brandenburg var nok i alle fall for lite til å oppføre verka.

Namnet «Brandenburgkonsertene» fekk konsertane først seinare. Musikkvitaren Philipp Spitta publiserte i 1873-79 ein stor Bach-biografi der han brukte dette namnet, som sidan slo igjennom.

Konsertane[endre | endre wikiteksten]

Brandenburgkonsert No. 1 i F-dur, BWV 1046[endre | endre wikiteksten]

Tittelen i følgje det signerte manuskriptet er Concerto 1mo à 2 Corni di Caccia, 3 Hautb: è Basstemmeno, Fiolino Piccolo concertato, 2 Fiolini, una Bratsj è Violoncello, col Basso continuo.[1]

  1. Allegro
  2. Adagio
  3. Allegro
  4. Menuett - Trio I - Menuett da capo - Polacca - Menuett da capo - Trio II - Menuett da capo

Intrumentering: to jakthorn, tre oboar, fagott, fiolino piccolo og to fiolinar, bratsj, cello og basso continuo

Denne konserten er den einaste i samlinga med fire satsar. Ei tidlegare utgåve (Sinfonia, BWV 1046a), som ikkje nyttar fiolino piccolo vart nytta som opninga av kantaten BWV 208. Denne versjonen manglar den tredje satsen heilt og Polacca frå siste sats. Den første satsen finn ein òg som sinfonia i kantete BWV 52, Falsche Welt, dir trau ich nicht. Den tredje satsen er opningskoralen i kantaten BWV 207a.

Brandenburgkonsert No. 2 i F-dur, BWV 1047[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på det signerte manuskriptet er Concerto 2do à 1 Tromba, 1 Flauto, 1 Hautbois, 1 Fiolino, concertati, è 2 Fiolini, 1 Bratsj è Violone in Ripieno col Violoncello è Basstemme per il Cembalo.[1]

  1. Allegro
  2. Andante
  3. Allegro assai

Concertino: trompet i F, blokkfløyte, obo, fiolin

Ripieno: to fiolinar, bratsj, violone og basso continuo (med cembalo)

Dette stykket vart nesten heilt sikkert skriven med hofftrompetisten i Köthen, Johann Ludwig Schreiber, i tankane.[2] Trompetdelen vert rekna som det vanskelegaste i repertoaret. Opphavleg vart det skriven for ein naturtrompet, men vert i dag stort sett spelt med ein ventilert trompet.

Trompeten spelar ikkje i den andre satsen, som var vanleg i konsertar i barokken, på grunn av konstruksjonen til naturtrompeten, som gjer at ein berre kan spele i ein toneart. Fordi konsertar ofte endrar toneart i den andre satsen, er konsertane som inneheld ein trompet i den første satsen frå ein periode før den ventilerte trompeten var vanleg å bruke.

Stykket var tema song for William F. Buckley, Jr. sin Firing Line. Han vart òg vald med på «gullplata», ei grammofonplate med lydar frå jorda, språk og musikk send ut i det ytre verdsrommet med Voyager-sondane.

Brandenburgkonsert No. 3 i G-dur, BWV 1048[endre | endre wikiteksten]

Tittel på det signerte originalmanuskriptet: Concerto 3zo a tre Fiolini, tre Viole, è tre Violoncelli col Basstemme per il Cembalo.[1]

  1. Allegro
  2. Adagio
  3. Allegro

Instrumentering: tre fiolinar, tre bratsjar, tre celloar og basso continuo (med cembalo)

Den andre satsen består av ein enkelt takt med to akkordar som utgjer ein 'frygisk halvkadens'[3] og—sjølv om det ikkje finst direkte bevis som støttar det—er det grunn til å tru at desse akkordane er meint å liggje på kvar side eller følgje ein kadens med improvisert cembalo eller fiolin.

Stundom vert den tredje satsen frå Bachs «Sonate for fiolin og continuo i G, BWV 1021» (markert Largo) erstatta med den andre satsen sidan han inneheld ein identisk frygisk kadens som avslutting. Largoen frå Fiolinsonate i G, BWV 1019, har òg vorte nytta.

Den første satsen kan ein òg finne i ei omarbeid form som sinfonia i kantaten BWV 174, Ich liebe den Höchsten von ganzem Gemüte, med tre oboar og to valthorn i tillegg.

Brandenburgkonsert No. 4 i G-dur, BWV 1049[endre | endre wikiteksten]

Tittel på signert originalmanuskript: Konsert 4ta à Fiolino Principale, due Fiauti d'Echo, due Fiolini, una Bratsj è Violone in Ripieno, Violoncello è Continuo.[1]

  1. Allegro
  2. Andante
  3. Presto

Concertino: fiolin og to blokkfløytear

Ripieno: to fiolinar, bratsj, cello, violone og basso continuo

Fiolindelen i denne konserten er særs virtuos i første og tredje sats. I den andre satsen, gjev fiolinen ein bass når concertino-gruppa spelar utan akkompagnement.

Bach tilpassa den fjerde Brandenburgkonserten som det siste av samlinga av seks cembalokonsertar, konsert for cembalo, to blokkfløyter og strykarar i F-dur, BWV 1057. I tillegg til å ta det meste av solofiolinen si rolle, tar cembaloen òg over nokre av blokkflytene sine delar i andante, og spelar ein basso continuo-rolle til tider og stundom legg til ein fjerde kontrapunktisk rolle til den originale trestemde teksturen (noko Bach stundom gjorde medan han improviserte). Cembalokonserten er derfor meir enn ein transkripsjon.

Brandenburgkonsert No. 5 i D-dur, BWV 1050[endre | endre wikiteksten]

Tittelen på det signerte originalmanuskriptet: Concerto Traversiere, une Fiolino principale, une Fiolino è una Bratsj in ripieno, Violoncello, Violone è Cembalo concertato.[1]

  1. Allegro
  2. Affettuoso
  3. Allegro

Concertino: cembalo, fiolin, fløyte

Ripieno: fiolin, bratsj, cello, violone, (cembalo)

Cembaloen er både eit concertino- og eit ripieno-instrument. I concertino-delane har han rolla som obbligato; i ripieno-delane er han generalbass.

Denne konserten nyttar eit populært kammermusikkensemble på denne tida (fløyte, fiolin og cembalo), som Bach let spele på eiga hand i den midtre satsen. Ein trur at han vart skriven i 1719, for å syne den nye cembaloen av Michael Mietke som Bach hadde ført med seg attende frå Berlin for hoffet i Köthen. Ein trur òg at Bach skreiv verket for ein konkurranse i Dresden med den franske komponisten og organisten Louis Marchand. I den sentrale satsen nyttar Bach eina v Marchand sine tema. Marchand skal ha stukke av før konkurransen fann stad, visstnok redd for å møte Bach som var kjend for ein stor virtuos og dyktig på improvisasjon.

Konserten gjev gode høve til å vise seg fram på cembalo, særleg den lengre solokadensen i første sats. Det virkar sikkert at det var Bach, som vert rekna som ein stor orgel- og cembalovirtuos, var cembalisten på premieren. Musikkvitarar har sett på dette verket som den første solokonserten for klaver.[4][5]

Ei tidlegare utgåve, BWV 1050a, har fleire små skilnader samanlikna med den seinare utgåva. Det er ikkje noko cello go det er ein kortare og mindre utførleg cembalokadens i første sats.

Brandenburgkonsert No. 6 i B-dur, BWV 1051[endre | endre wikiteksten]

Tittel på signert manuskript: Concerto 6to à due Viole da Braccio, due Viole da Gamba, Violoncello, Violone e Cembalo.[1]

  1. Allegro
  2. Adagio ma non troppo
  3. Allegro

Instrumentering: to viole da braccio, to viole da gamba, cello, violone og cembalo

Konserten er uvanleg fordi det ikkje er teke med fiolinar. Bratsj da braccio tyder ein vanleg bratsj og vert her nytta for å skilje han frå «gambe». Då verket vart skriven i 1721 var gamben alt eit gammaldags instrument.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Johann Sebastian Bach's Werke, vol.19: Kammermusik, dritter band, Bach-Gesellschaft, Leipzig; ed. Wilhelm Rust, 1871
  2. Schreiber as the trompeter for concerto no.2, arkivert frå originalen 4. mars 2016, henta 28. april 2010 
  3. wikt:Phrygian cadence
  4. Steinberg, M. The Concerto: A Listener's Guide, s. 14, Oxford (1998) ISBN 0-19-513931-3
  5. Hutchings, A. 1997. A Companion to Mozart's Piano Concertos, s. 26, Oxford University Press. ISBN 0-19-816708-3