Brasil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Republica Federativa do Brasil

(norsk: Brasil, brasiliansk)

Det brasilianske flagget Det brasilianske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Hino Nacional Brasileiro»
Motto 'Ordem e Progresso ('Orden og framgang')
Geografisk plassering av Brasil
Offisielle språk Portugisisk
Hovudstad Brasília
Styresett
Forbundsrepublikk
Michel Temer
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
8 514 877 km² (5.)
0,65 %
Folketal
 – Estimert (2015)
 – Tettleik
 
207 353 391 (5.)
24,4 /km² (153.)
Sjølvstende
  - Erklært
  - Anerkjent
Frå Portugal
7. september 1822
29. august 1825
Nasjonaldag 7. september
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
3 166 000 mill. USD (7.)
16 700 USD (78.)
Valuta Real
Tidssone UTC -2 til -5
Telefonkode +55
Toppnivådomene BRL


Brasil er ein republikk og den største staten i Sør-Amerika både i flatevidd, folketal og bruttonasjonalprodukt. Landet grensar til alle andre statar i Sør-Amerika utanom Chile og Ecuador. Brasil er kjend for å ha store areal regnskog, og har fått namn etter brasiltreet, som voks i store mengder i området då landet blei oppdaga av europearar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Klima i Brasil.
Kart over Brasil

Hovudstaden i landet er Brasilia og andre store byar inkluderer São Paulo og Rio de Janeiro. Brasil er nesten like stort som USA og er rikt på naturressursar.

Ekvator går gjennom Brasil, og landet har derfor hovudsakleg tropisk klima. Mykje væte har ført til veksten av den store regnskogen i Amazonas nord i landet. Eit opnare, tørrare landskap av åsar og låge fjell sør i landet har gjeve rom til mykje av det viktige landbruket i landet.

Langs atlanterhavskysten ligg fleire fjellkjeder som kan ha toppar på om lag 2 900 meter. Pico da Neblina på 3 140 moh. som ligg nord i landet, i Guiana, er likevel den høgaste fjelltoppen.

Amazonaselva er ei viktig elv i Brasil og ei av dei største i verda. Andre viktige elvar er Paranáelva, Iguaçu, Rio Negro og Tapajós.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste brasilianarane bur i kystnære område.

Folket i Brasil er prega av tre store folkegrupper; brasilianske urfolk, innvandra europearar og importerte afrikanarar. Det har vore vanleg for desse gruppene å gifta seg med kvarandre, slik at innbyggjarane er blitt blanda til «brasilianarar». Samfunnet er likevel prega av skjult rasisme, der dei som har lysare hudfarge som regel òg høyrer til ein betre sosial klasse, og unngår å blanda seg med mørkhuda. Som ein hovudregel bur folk av mest europeisk avstamming sør i landet og folk av blanda nedætting i nord og nordaust.

Hovudgrupper[endre | endre wikiteksten]

Brasil ber preg av å ha vore ein portugisisk koloni frå om lag 1500 til 1822. Eit fleirtal av folket nedstammar frå portugisarar, portugisisk er òg det viktigaste språket i landet, og kulturen har mange portugisiske trekk. Ei anna viktig europeisk innvandrargruppe er tyskarar som hovudsakleg busette seg i Blumenau sør i landet.

Afrikanske slavar som kom til landet mellom 1500- og 1800-talet har skapt ei stor gruppe farga. Dei stammar mellom anna frå joruba-, ewe- og bantufolk.

Brasilianske urfolk har i stor grad blitt absorberte av innvandrarane, men det finst spreidde stammar som framleis held på dei førkolumbiske identitetane sine. Desse utgjer om lag 1 % av innbyggjarane i Brasil. Dei viktigaste større urfolkgruppene er tupiar og guaraniar.

Nyare innvandring[endre | endre wikiteksten]

Innvandring frå Europa til Brasil auka på 1870-talet, særleg med innflyttarar frå Italia. Etterkomarane deira utgjer no 15 % av befolkningar, om lag 25 millionar menneske, og er den største samlinga italienarar utanfor moderlandet. Ei anna stor gruppe kom frå Spania, medan 1800- og tidleg 1900-tal òg såg innvandring frå land som Polen, Russland, Ukraina og Austerrike. Desse innvandrarane busette seg mest i dei sørlege statane.

Tidleg på 1900-talet tok òg japanarar til å flytta til landet. Dei er den største asiatiske minoriteten i landet, og befolkninga på 5 millionar er den største samlinga japanarar utanfor Japan.

Store grupper frå Midtausten, som Libanon og Syria, har òg kome til landet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brasil

Kjelder[endre | endre wikiteksten]