Brasiliansk kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein kommune i Brasil vert kalla município og er den minste politiske administrative eininga i Brasil. Han er lagt under dei føderale einingane (UF - Unidade Federativa, eller delstat). Han har berre to autoritetar, den utøvande (Prefeitura) og den lovgjevande (Câmera de Vereadores). Generelt sett er ein kommune sett saman av ein by, et hovudsete og omkringliggjande område, men dei kan også vere sett saman av ulike tettstader innanfor det same kommuneområdet. Når byar veks og tar til å nærme seg andre kommunar, får dei namnet metropolregion. Dette skjer til dømes for hovudstadene i delstatane.

Det er kommunen som har den direkte praktiske omsorga for dei forskjellige livsaspekt til innbyggjarane, som eigedomsregister, vedlikehald av mindre viktige tilkomstvegar, asfaltering, trafikkontroll på tilkomstvegar under deira kontroll samt grunnskoleutdanninga. Kommunen tilbyr også helsestasjonar for innbyggjarane. Dei kontrollerer og verifiserer publikumstransport innanfor kommunen (taxi, bybussar, lokaltrafikk). Kommunen har også ansvar for den lokale søppelhandsaminga samt dei opne marknadane.

Dei politiske inndelingane i kommunen (distrikt) er lagt til rådhuset (prefeitura). Ein kommune er delt opp i bairroer innanfor same region. Det kan også vere under-prefeituras som desentraliserer administrasjonen sin dag til dag operasjon. Uansett er all utøvande politisk makt under ordføraren sin (prefeito) kontroll og assistentane hans (tillitsverv).

Kommunen har ingen væpna politistyrke, men har derimot eit kommunepoliti (guarda municipal) som generelt ikkje nyttar skytevåpen.

I Brasil samsvarar kommunegrensene sjeldan med naturlege eller kulturelle avgrensingar, men grensene samsvarar med politiske interesser åt dei lokale oligarkane.

I dag har Brasil 5 560 kommunar fordelt på 26 delstatar og eit føderalt distrikt.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]