Brave New World av Iron Maiden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brave New World
Studioalbum av Iron Maiden
Utgjeve 29. mai 2000[1]
Innspelt Sommaren 1999 – april 2000
Guillaume Tell Studios, Paris
Sjanger Heavy metal
Lengd 66:57[2]
Selskap EMI
Portrait / Columbia (United States)
Produsent Kevin Shirley, Steve Harris
Iron Maiden-kronologi
Virtual XI
(1998)
Brave New World Dance of Death
(2003)
Singlar frå Brave New World
  1. «The Wicker Man»
    Utgjeve: April 2000
  2. «Out of the Silent Planet»
    Utgjeve: 23. oktober 2000

Brave New World er det tolvte studioalbumet av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden, gjeve ut den 29. mai 2000. Det var det første studioalbumet deira etter at den langvarige songaren Bruce Dickinson (som slutta i 1993) og gitaristen Adrian Smith (som slutta i 1990) kom attende til bandet i 1999, og den første studioplata deira som seksmannsband, sidan Janick Gers, som erstatta Smith i 1990, vart verande i bandet.

Plateomslaget og tittelsongen er referansar til romanen med same namn, skriven av Aldous Huxley. Den øvre delen av omslaget vart skapt av Derek Riggs, medan den nedre halvdelen vart laga av den digitale kunstnaren Steve Stone.

Songane «The Wicker Man» og «Out of the Silent Planet» vart begge gjevne ut på singlar. Radioutgåva av «The Wicker Man» hadde ekstra vokal i refrenget, som ikkje finst på andre versjonar av songen.

Brave New World Tour var turneen etter albumet, der konserten på Rock in Rio vart filma og sidan gjeven ut som eit konsertalbum og video.

Brave New World nådde sjuandeplassen på UK Albums Chart, og har sidan selt til gullplate.[3] I USA debuterte albumet på 39. plassen på Billboard 200,[4] og registrerte over 307 000 selde plater i Nielsen SoundScan-systemet i 2008.[5]

Songar[endre | endre wikiteksten]

Dei felste av songane vart skrivne før The Ed Hunter Tour og seinare spelte inn i Guillaume Tell Studios i Paris. Det var det første albumet bandet spelte inn med produsenten Kevin Shirley, og det første dei spelte inn live i studio.[6]

I følgje eit intervju med Adrian Smith var «The Nomad», «Dream of Mirrors» og «The Mercenary» opphavleg skrivne for Virtual XI i 1998 og den tidlegare vokalisten Blaze Bayley skreiv noko tekst for «Dream of Mirrors», men er ikkje tilskriven for dette.[7] I følgje Steve Harris byrja arbeidet med «Blood Brothers» òg i denne perioden, men han vart ikkje ferdig på den tida.[8]

«Brave New World» var den einaste songen på plata som vart spelt på Dance of Death World Tour, den neste turneen deira. Ingen av songane frå albumet vart spelt på A Matter of Life and Death Tour, men fleire vart spelte på The Final Frontier World Tour, medan «The Wicker Man», «Ghost of the Navigator», tittelsporet og «Blood Brothers» vart spelt på konsertane i 2010.

Songen «Blood Brothers», skriven av Steve Harris for den avdøde faren, vart dedisert til Ronnie James Dio på konsertane deira i 2010, etter at han døydde den 16. mai. Under konsertane i Australia i 2011 vart «Blood Brothers» dedisert til offera og venene og familien til bandmedlemar og publikum som vart råka av jordskjelvet i Christchurch i 2011 den 22. februar. Sidan vart songen òg dedisert til offera etter jordskjelvet og tsunamien i Tōhoku i 2011, og opprøra i Egypt og Libya og til slutt offera etter terroråtaka 22. juli 2011 i Noreg. Ei konsertversjon av songen frå En Vivo! i 2012 vart nominert til Grammy-prisen for beste hardrock/metal-song den 6. desember 2012.[9]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
Kjelde Karakter
AllMusic 3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[10]
Blabbermouth.net 5/10[11]
BW&BK 10.0/10[12]
Classic Rock 4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[13]
Exclaim! positiv[14]
Kerrang! 5/5[15]
NME 4/10[16]
PopMatters positiv[17]
Sputnikmusic 4.5/5[18]

Albumet fekk generelt god kritikk. Kritikarane var spesielt nøgd med at Bruce Dickinson og Adrian Smith var attende og samanlikna bandet med dei to tidlegare platene med Blaze Bayley på vokal.[18] Kerrang! skildra det som «verkeleg tårnhøgt. Majestetisk. Bombastisk. Gigantisk. Så fantastisk rett-i-trynet at du nesten kan kjenne den varme pusten opp i nasa di.»[15] Sputnikmusic skildra det som «eit av dei beste albuma til bandet, i lag med album som Powerslave, Somewhere in Time og Piece of Mind» og «definitivt det enklaste albumet å like sidan glansdagane til bandet.»[18] Classic Rock sa at «det tar kanskje ikkje så mange steg framover,» og «klarar verkeleg å rygge attende til glansperioden til Iron Maiden.»[13]

AllMusic var noko meir kritisk mot albumet og skildra det som «ikkje noko Number of the Beast,» men sa vidare at «til å vere eit comebackalbum, er det unekteleg glimrande,» og gav albumet ein positiv karakter.[10]

NME var særs negativ mot albumet og hevda at måten bandet i tidlegare år «avviste verda utafor, noko som heldt dei trygg alle dei åra, no får dei til å verke noko umoderne.» Magasinet samanlikna dei òg med meir samtidige artistar som Korn og Slipknot og følte at Iron Maiden «ikkje lenger er øvsteprestane av svartekunsten, og verkar å vere nesten uskuldige i samanlikning.»[16] Blabbermouth.net var òg negative og skreiv at bandet høyrdest «trøytte og uinspirerte» ut og avslutta med at «[Brave New World] kjem ikkje til å setje eit varig merke på det noverande metal-miljøet.»[11]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «The Wicker Man»   Adrian Smith, Steve Harris, Bruce Dickinson 4:35
2. «Ghost of the Navigator»   Janick Gers, Dickinson, Harris 6:50
3. «Brave New World»   Dave Murray, Harris, Dickinson 6:18
4. «Blood Brothers»   Harris 7:14
5. «The Mercenary»   Gers, Harris 4:42
6. «Dream of Mirrors»   Gers, Harris 9:21
7. «The Fallen Angel»   Smith, Harris 4:00
8. «The Nomad»   Murray, Harris 9:06
9. «Out of the Silent Planet»   Gers, Dickinson, Harris 6:25
10. «The Thin Line Between Love and Hate»   Murray, Harris 8:26
66:57

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Henta frå plateomslaget[2]

Iron Maiden
Additional personnel

Lister[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Land Liste (2000) Plassering
Australia ARIA Charts 33[20]
Austerrike Ö3 Austerrike Topp 40 10[21]
Belgia (Flandern) Ultratop 12[22]
Belgia (Vallonia) 29[23]
Finland Den finske albumlista 2[24]
Tyskland Media Control Charts 3[25]
Italia FIMI 3[26]
Japan Oricon 13[27]
Nederland MegaCharts 16[28]
Noreg VG-lista 4[29]
Sverige Sverigetopplistan 1[30]
Sveits Hitparade 9[31]
Storbritannia Offisiell albumliste 7[32]
USA US Billboard 200 39[4]
Land Liste (2010) Plassering
Hellas IFPI Hellas 72[33]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Single Liste (2000) Plassering
«The Wicker Man» Canadian Singles Chart 4[34]
Den nederlandske singellista 45[35]
Den finske singellista 11[36]
Den franske singellista 39[37]
Den tyske singellista 38[38]
Den italienske singellista 4[39]
VG-lista i Noreg 9[40]
Sverigetopplistan 5[41]
Den sveitisiske singellista 83[42]
UK Singles Chart 9[43]
«Out of the Silent Planet» Den nederlandske singellista 87[35]
Den finske singellista 13[36]
Den franske singellista 72[37]
Den tyske singellista 66[38]
Den italienske singellista 10[39]
Den svenske singellista 35[41]
UK Singles Chart 20[44]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Brasil (ABPD)[45] Gull 100 000*
Canada (Music Canada)[46] Gull 50 000^
Finland (Musiikkituottajat)[47] Gull 16,316[47]
Tyskland (BVMI)[48] Gull 150 000^
Hellas (IFPI Hellas)[49] Gull 15 000^
Polen(ZPAV)[50] Gull 50 000*
Sverige (GLF)[51] Gull 40 000^
Storbritannia (BPI)[52] Gull 100 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Iron Maiden Official Website – Brave New World». ironmaiden.com. Arkivert frå originalen den 16 February 2007. http://web.archive.org/web/20070216013940/http://www.ironmaiden.com/index.php?categoryid=22&p2_articleid=320. Henta 1. september 2016. 
  2. 2,0 2,1 Brave New World. Iron Maiden. EMI. 29. mai 2000. 
  3. «British album salstrofé – Iron Maiden – Brave New World». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx.  Enter ' Brave New World' in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  4. 4,0 4,1 «Brave New World – Iron Maiden (2000)». Billboard. Nielsen Business Media, Inc. http://www.billboard.com/artist/303893/iron+maiden/chart. Henta 1. september 2016. 
  5. «Iron Men». Billboard 120 (20): 51. 17. mai 2008. Henta 31. august 2016. 
  6. Marshall, Clay (22 April 2000). «Maiden's Back, With Familiar Voice». Billboard 112 (17): 12. Henta 31. august 2016. 
  7. «Iron Maiden Gitarist Admits Band Used Leftover Ideas». Blabbermouth.net. 13. september 2004. http://www.blabbermouth.net/news/iron-maiden-gitarist-admits-band-used-leftover-ideas/. Henta 1. september 2016. 
  8. Yates, Rod (28. mai 2011). «Best of the Beast». Kerrang! (1365): 39. 
  9. Alderslade, Merlin (1. september 2016). «Iron Maiden, Megadeth, Marilyn Manson, Lamb of God Among Grammy Nominees». Metal Hammer. Arkivert frå originalen den 4 February 2014. http://web.archive.org/web/20140204023054/http://www.metalhammer.co.uk/news/iron-maiden-megadeth-marilyn-manson-lamb-of-god-among-grammy-nominees/. Henta 1. september 2016. 
  10. 10,0 10,1 Rivadavia, Eduardo. Brave New World av Iron MaidenAllmusic. Henta 1. september 2016.
  11. 11,0 11,1 Krgin, Borivoj. «Iron Maiden – Brave New World». Blabbermouth.net. http://www.blabbermouth.net/cdreviews/brave-new-world/. Henta 1. september 2016. 
  12. Henderson, Tim. «Iron Maiden – Brave New World». BW&BK. http://www.bravewords.com/hardwares/1000010. Henta 1. september 2016. 
  13. 13,0 13,1 «Iron Maiden: Brave New World». Classic Rock (15): 68–69. June 2000. 
  14. Palmerston, Sean. «Iron Maiden – Brave New World». Exclaim!. http://exclaim.ca/Reviews/Metal/iron_maiden-brave_new_world. Henta 1. september 2016. 
  15. 15,0 15,1 «Iron Maiden – Brave New World». 27. mai 2000. http://www.cavemanproductions.com/REVS/bnwrev.html. Henta 1. september 2016. 
  16. 16,0 16,1 «Brave New World». NME. 13. juni 2000. http://www.nme.com/reviews/iron-maiden/2409. Henta 1. september 2016. 
  17. Joseph, Benn. «Iron Maiden: Brave New World». PopMatters. http://www.popmatters.com/pm/review/ironmaiden-brave. Henta 1. september 2016. 
  18. 18,0 18,1 18,2 Stagno, Mike (12 August 2006). «Iron Maiden – Brave New World». Sputnikmusic. http://www.sputnikmusic.com/review/8681/Iron-Maiden-Brave-New-World/. Henta 1. september 2016. 
  19. http://www.linkedin.com/pub/nicolas-meyer/21/b97/3b0
  20. «Iron Maiden – Brave New World (album)». ARIA Charts. Australian-charts.com. http://australian-charts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Brave+New+World&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  21. «Iron Maiden – Brave New World» (på tysk). Ö3 Austerrike Topp 40. austriancharts.at. http://austriancharts.at/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Brave+New+World&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  22. «Iron Maiden – Brave New World» (på nederlandsk). Ultratop. http://www.ultratop.be/nl/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Brave+New+World&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  23. «Iron Maiden – Brave New World» (på French). Ultratop. http://www.ultratop.be/fr/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Brave+New+World&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  24. «Iron Maiden – Brave New World». Den finske albumlista. Finnishcharts.com. http://finnishcharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Brave+New+World&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  25. «Iron Maiden > Longplay-Chartverfolgung» (på tysk). Media Control Charts. Musicline.de. http://www.musicline.de/de/chartverfolgung_summary/artist/IRON+MAIDEN?sort=entry&type=longplay. Henta 1. september 2016. 
  26. «Iron Maiden – Brave New World (album)». Federazione Industria Musicale Italiana. Italiancharts.com. http://italiancharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Brave+New+World&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  27. «メガデス-Oricon Style ミュージック» (på japansk). Oricon. http://www.oricon.co.jp/prof/artist/32233/ranking/cd_album/. Henta 1. september 2016. 
  28. «Iron Maiden – Brave New World (album)» (på nederlandsk). MegaCharts. Dutchcharts.nl. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Brave+New+World&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  29. «Iron Maiden – Brave New World». VG-lista. norwegiancharts.com. http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Brave+New+World&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  30. «Iron Maiden – Brave New World». Sverigetopplistan. swedishcharts.com. http://swedishcharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Brave+New+World&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  31. «Iron Maiden – Brave New World». Hitparade. http://swisscharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Brave+New+World&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  32. «Iron Maiden UK Chart History». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/artist/_/iron%20maiden/. Henta 23. november 2012. 
  33. «Iron Maiden – Brave New World (album)». IFPI Hellas. Greekcharts.com. Arkivert frå originalen den 23 October 2013. http://web.archive.org/web/20131023164034/http://greekcharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=Brave+New+World&cat=a. Henta 1. september 2016. 
  34. «Iron Maiden Billboard Singles». AllMusic. Rovi Corporation. http://www.allmusic.com/artist/iron-maiden-mn0000098465/awards. Henta 1. september 2016. 
  35. 35,0 35,1 «Discographie Iron Maiden» (på nederlandsk). MegaCharts. http://www.dutchcharts.nl/showinterpret.asp?interpret=Iron+Maiden. Henta 1. september 2016. 
  36. 36,0 36,1 «Iron Maiden discography». Den finske albumlista. Finnishcharts.com. http://finnishcharts.com/showinterpret.asp?interpret=Iron+Maiden. Henta 1. september 2016. 
  37. 37,0 37,1 «Discographie Iron Maiden» (på French). SNEP. Lescharts.com. http://lescharts.com/showinterpret.asp?interpret=Iron+Maiden. Henta 1. september 2016. 
  38. 38,0 38,1 «Iron Maiden Single-Chartverfolgung» (på tysk). Media Control Charts. Musicline.de. http://www.musicline.de/de/chartverfolgung_summary/artist/IRON+MAIDEN/single?sort=entry. Henta 1. september 2016. 
  39. 39,0 39,1 «Iron Maiden songs». FIMI. Italiancharts.com. http://italiancharts.com/search.asp?cat=s&search=Iron+Maiden. Henta 1. september 2016. 
  40. «Iron Maiden discography». VG-lista. Norwegiancharts.com. http://norwegiancharts.com/showinterpret.asp?interpret=Iron+Maiden. Henta 1. september 2016. 
  41. 41,0 41,1 «Iron Maiden discography». Sverigetopplistan. Swedishcharts.com. http://swedishcharts.com/showinterpret.asp?interpret=Iron+Maiden. Henta 1. september 2016. 
  42. «Iron Maiden – 'The Wicker Man'». Hitparade. http://swisscharts.com/showitem.asp?interpret=Iron+Maiden&titel=The+Wicker+Man&cat=s. Henta 1. september 2016. 
  43. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 20. mai 2000». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/archive-chart/_/1/2000-05-20/. Henta 1. september 2016. 
  44. «Top 40 Official Singles Chart UK Archive 4. november 2000». Official Charts Company. http://www.officialcharts.com/archive-chart/_/1/2000-11-04/. Henta 1. september 2016. 
  45. «Brazilian album salstrofé – Iron Maiden – Brave New World» (på Portuguese). Associação Brasileira dos Produtores de Discos. http://abpd.org.br/certificados_interna.asp?sArtista=Iron+Maiden&tmidia=1. 
  46. «Canadian album salstrofé – Iron Maiden – Brave New World». Music Canada. http://www.musiccanada.com/gold-platinum/#!/gp_search=%22Brave+New+World%22%20%22Iron+Maiden%22. 
  47. 47,0 47,1 The first web page presents the sales figures, the second presents the certification limits:
  48. «Gold-/Platin-Datenbank (Iron Maiden; 'Brave New World')» (på German). Bundesverband Musikindustrie. http://www.musikindustrie.de/gold_platin_datenbank/?action=suche&strTitel=Brave+New+World&strInterpret=Iron+Maiden&strTtArt=alben&strAwards=checked. 
  49. «Greek album salstrofé – Iron Maiden – Brave New World» (på Greek). IFPI Greece. http://replay.waybackmachine.org/*/http://www.ifpi.gr/chart01.htm. 
  50. «Polish album salstrofé – Iron Maiden – Brave New World» (på Polish). Polish Producers of Audio and Video (ZPAV). http://www.zpav.pl/rankingi/wyroznienia//index.php. 
  51. «Guld- och Platinacertifikat − År 2000» (på Swedish) (PDF). IFPI Sweden. http://www.ifpi.se/wp-content/uploads/ar-20002.pdf. 
  52. «British album salstrofé – Iron Maiden – Brave New World». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx.  Enter Brave New World in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go