Breakfast in America

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Breakfast in America
Studioalbum av Supertramp
Utgjeve 29. mars 1979
Innspelt Mai til desember 1978
Studio The Village Recorder (Studio B) i Los Angeles
Sjanger
Lengd 46:06
Selskap A&M
Produsent Peter Henderson, Supertramp
Supertramp-kronologi
Even in the Quietest Moments...
(1977)
Breakfast in America Paris
(1980)


Singlar frå Breakfast in America
  1. «The Logical Song»
    Utgjeve: March 1979
  2. «Breakfast in America»
    Utgjeve: June 1979
  3. «Goodbye Stranger»
    Utgjeve: July 1979
  4. «Take the Long Way Home»
    Utgjeve: October 1979

Breakfast in America er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet Supertramp, gjeve ut av A&M Records den 29. mars 1979. Det vart spelt inn i 1978 i The Village Recorder i Los Angeles. Albumet inneheldt singlar som vart hittar i USA: «The Logical Song» (6. plass), «Goodbye Stranger» (15. plass), «Take the Long Way Home» (10. plass) og «Breakfast in America» (62. plass). I Storbritannia vart «The Logical Song» og tittelsporet topp 10-hittar, dei einaste to gruppa fekk i heimlandet.[5]

I 1980 vann Breakfast in America to Grammyprisar, inkludert for beste lydteknikar, og Grammy-nominasjonar for årets album og beste popsong av ein duo eller ei gruppe med vokal. Albumet har selt til 4x platinaplate i USA og var det bestseljande albumet til Supertramp med meir enn fire millionar selte eksemplar i USA aleine. Det gjekk heilt til topps på Billboard Pop Albums-lista for seks veker, fram til 30. juni 1979.[6] Albumet gjekk òg til topps i Noreg, Austerrike, Spania, Canada, Australia og Frankrike.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Som med Even in the Quietest Moments..., skreiv Rick Davies og Roger Hodgson dei fleste av songane kvar for seg, men vart begge oppførte som låtskrivarar på alle songane. Det originale konseptet deira var eit album med songar om forholdet og dei motstridande ideala mellom Davies og Hodgson. Tittelen skulle opphavlege vere Hello Stranger. Hodgson forklarte: «Me forstod at somme av songane faktisk handla om to folk som snakka i lag eller til kvarandre. Eg kunne skrive ned tankemåten hans, og han kunne utfordre livssynet mitt. Levemåtane våre er så forskjellige, men eg er glad i han. Den kontrasten er det som får verda til å gå rundt og det som får Supertramp til å gå rundt. Trua hans er ei utfordring for meg og trua mi er ei utfordring for han.»[7]

Ideen vart etter kvart skrinlagt til fordel for eit album med «morosame» songar, og sjølv om Davies i starten ønskte å halde på tittelen Hello Stranger, vart han overtydd av Hodgson om å endre tittelen til Breakfast in America. Hodgson sa seinare: «Me valte tittelen fordi det var ein morosam tittel. Det passa den morosame kjensla på albumet.»[7] På grunn av tittelen og den eksplisitte satiren over amerikansk kultur i omslaget og tre av songane («Gone Hollywood», «Breakfast in America» og «Child of Vision»), tolka mange lyttarar albumet som ein satire over USA. Medlemmane i Supertramp har alle insistert på at dei fleire referansane til amerikansk kultur berre var tilfeldig og ikkje meint som ein tematisk satire.[7] Hodgson har skildra mistolkinga som ein parallell til korleis Crime of the Century (1974) ofte vart mistolka som eit konseptalbum.[7]

«Gone Hollywood» er opningssporet på Breakfast in America. Songen er skriven av Rick Davies og fortel soga om ein person som flyttar til Los Angeles med håp om bli ei filmstjerne, men finn ut at det var mykje vanskelegare enn han hadde trudd. Han kjempar og vert frustrert, før han til slår gjennom og vert «snakkisen på Boulevard». Teksten var opphavleg meir dyster, men etter press frå dei andre medlemmane, skreiv Davies om songen til å bli meir optimistisk og kommersielt tiltalande.[8]

«Child of Vision» er avslutningssporet. Som «The Logical Song» er eit Wurlitzer elektrisk piano hovudinstrumentet. Etter tekstpartiet går songen inn i ein lang solo på flygel i lag med den originale melodien på ein Wurlitzer. Sporet tonar ut med ein kort saksofonsolo av John Helliwell. Roger Hodgson har sagt at songen vart skriven som eit tilsvar til «Gone Hollywood», og omhandlar korleis amerikanarane lever. Men han innrømde at faktisk hadde lite kjennskap til amerikansk kultur då han skreiv songen.[9] Han sa òg at det var eit visst høve for at han undermedvite hadde Rick Davies i tankane då han skreiv teksten.[9]

Kvar song var kreditert til ein enkel musikar på innsida av omslaget, men på vinyletiketten stod det «Tekst og musikk av Roger Hodgson og Rick Davies», som kombinerte dei to og skapte forvirring om kven som hadde skrive kva.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet gjekk gjennom to rundar med demoinnspelingar. Den første av desse var heimedemoar, som kvar bestod av låtskrivaren (anten Rick Davies eller Roger Hodgson) som song og spelte anten akustisk piano eller Wurlitzer elektrisk piano.[8] Den andre var ein åttespors demo spelt inn i Southcombe Studios i Burbank i California seint i april og tidleg i mai 1978. Det var på desse demoinnspelingane bandet arbeidde fram akkompagnementet til alle songane (utanom «Take the Long Way Home») og fann ut kva rekkjefølgje dei skulle ha på albumet.[8]

For å unngå og bruke mykje tid på mikse, sette bandet og produksjonsteamet av ei veke for å eksperimentere med forskjellige lydoppstillingar før dei fann den lyden dei ønskte. Dette vart bortkasta tid sidan lydteknikarane brukte meir enn to særs stressande månader for å få den rette miksen, og vart berre ferdig fordi tidsfristen var nådd, sjølv om dei ikkje kjende seg heilt nøgde med resultatet.[8]

Gnissingane mellom Hodgson og Davies var visstnok nesten ikkje-eksisterande på dette albumet. Lydteknikaren Peter Henderson sa: «Dei kom veldig godt overeins og alle var glade. Det var ei særs, særs god stemning og eg trur alle verkeleg var løfta opp av innspelingane og korleis A&M responderte på dei.»[8] Hodgson var ikkje samd i dette, og sa at han og Davies stadig dreiv lenger bort frå kvarandre, og meinte at Davies mislikte mange av songane hans og ikkje sa noko fordi han tenkte at han kom til å bli stemt ned.[9] Melody Maker-skribenten Harry Doherty kom med ein tredje versjon: «Eg var med bandet i tre dagar og eg såg ikkje Davies og Hodgson snakka i lag ein einaste gong, utanom høflege helsingar og slikt.»[7]

Seks av ti spor på Breakfast in America er framført med Wurlitzer elektrisk piano. Wurlitzeren hadde alt vore nytta på eldre Supertramp-songar som «Dreamer» og «Lady».

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Plageomslaget liknar ein utsikt over Manhattan gjennom eit flyvindauge. Det vart designa av Mike Doud og Mick Haggerty. Biletet syner Kate Murtagh, kledd som ei servitrise kalla «Libby», som ei Fridomsgudinne som held opp eit glas appelsinjuice på ein liten tallerken i eine handa og ein meny i den andre, der det står skrive 'Breakfast in America'. I bakgrunnen kan ein sjå Manhattan laga av cornflakes-boksar, oskebeger, bestikk, sirupflasker, eggekartong, salt og pepar, kaffikrus, ketchup- og sennepflasker osv. Alt er måla kvitt.

Breakfast in America vann Grammyprisen i 1980 for beste plateomslag, og slo mellom andre Talking Heads og Led Zeppelin, blant fleire.[10]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
Christgau's Record GuideC+[11]
Encyclopedia of Popular Music4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[12]
The Great Rock Discography7/10[13]
Mojo4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[14]
Record Collector3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[4]
The Rolling Stone Album Guide3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[15]
Smash Hits8/10[16]
Uncut3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[17]

I ei positiv melding for Rolling Stone skreiv Stephen Holden at Breakfast in America var ei forbetring over «svermar av bølgjande, Genesis-aktig esoterika» på dei tidlegare albuma deira, og kalla det «eit lærebokdøme på eit post-Beatles, keyboard-sentrert album av engelsk kunstrock som slår den mest djerve balansen mogeleg mellom kvasi-symfonisk klassisisme og rock and roll ... songen her er uvanleg melodiøse og konsist strukturerte, og reflekterer korleis desse musikarane har blitt dynka i amerikansk pop sidan dei flytta til Los Angeles i 1977.»[3] Village Voice-kritikaren Robert Christgau var mindre imponert, og sa at dette «hooky albumet» framkallar «tilfeldige grynt av glede» men manglar kjenslemessig substans på grunn av «eplekjekke» tekstar og ingen «songmessig personlegdom (i motsetnad til nøyaktig synging) og rytmisk framstøyt (i motsetnad til ein beat)».[18]

Breakfast in America toppa den amerikanske Billboard 200-lista i seks veker og vart det bestseljande albumet til Supertramp. Fire av singlane frå albumet vart hittar: «The Logical Song», «Goodbye Stranger», «Take the Long Way Home» og tittelsporet.[12] Colin Larkin skreiv i Encyclopedia of Popular Music (2006) at dette «feilfrie» albumet «heva» Supertramp til «rockens første divisjon».[12] «The Logical Song» vann Ivor Novello-prisen i 1979 for «beste song musikalsk og tekstmessig».[19] I 1990-åra hadde Breakfast in America selt over 18 millionar eksemplar verda over.[1]

I ei seinare melding for AllMusic skreiv Stephen Thomas Erlewine at albumet var «stramt skrive, fengande med velskapte popsongar» og skildra det som «høgvassmålet» deira.[1] John Doran i BBC Music skreiv at låtskrivinga har ein «uslåeleg kvalitet» og meinte at «alle dei ti songane kunne vore hitsinglar».[20] Sputnikmusic og Tyler Fisher skreiv at det var singlane som var høgdepunkta på grunn av dei «fengande knaggane», og meinte at balladane var «heilt forferdelege».[2] Rob Sheffield, skreiv i The Rolling Stone Album Guide (2004), at han meinte albumet hadde «fine augneblink», inkludert «den glade 'Take the Long Way Home,' den adjektiv-gale 'Logical Song,' og 'Goodbye Stranger.'»[15] William Pinfold i Record Collector rekna albumet som «eit klassisk døme på plettfri framført og produsert transatlantisk softrock frå seint i 1970-åra».[4] Innan 2010 har albumet selt over 20 millionar eksemplar.[20]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1987-utgåva av The World Critics List, rangerte musikkritikaren Joel Whitburn Breakfast in America som det fjerde beste albumet gjennom tidene.[21] I 1994-utgåva av The Guinness All Time Top 1000 Albums, var Breakfast in America rangert på 207. plassen på lista over dei beste rock- og popalbuma gjennom tidene,[22] og det vart rangert på 69. plassen blant dei beste britiske rockealbuma gjennom tidene i 2006 i magasinet Classic Rock.[23] Lyttarar av Triple M rangerte albumet på 43. plassen i ei kåring over dei 100 beste albuma gjennom tidene.[24] Sidan Supertramp ofte hadde vore blant dei mindre kritikarroste banda opp gjennom åra,[25] rangerte magasinet Q Breakfast in America på andreplassen på lista si «Records it's OK to Love» i 2006.[26] I 2000 vart det plassert på 294. plassen på lista til Colin Larkin over dei 1000 beste albuma gjennom tidene.[27]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er kreditert til Rick Davies og Roger Hodgson. I lista under står dei faktiske låtskrivarane.

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«Gone Hollywood»DaviesDavies and Hodgson5:19
2.«The Logical Song»HodgsonHodgson4:07
3.«Goodbye Stranger»DaviesDavies5:46
4.«Breakfast in America»HodgsonHodgson2:37
5.«Oh Darling»DaviesDavies3:43
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
6.«Take the Long Way Home»HodgsonHodgson5:08
7.«Lord Is It Mine»HodgsonHodgson4:08
8.«Just Another Nervous Wreck»DaviesDavies4:22
9.«Casual Conversations»DaviesDavies2:56
10.«Child of Vision»HodgsonHodgson, Davies og John Helliwell7:24
Luksusutgåva, plate 2
Nr.TittelLåtskrivar(ar)SolovokalLengd
1.«The Logical Song» (konsertopptak frå 1979 i Pavillon de Paris)HodgsonHodgson4:06
2.«Goodbye Stranger» (konsertopptak frå 1979 i Pavillon de Paris)DaviesDavies6:11
3.«Breakfast in America» (konsertopptak frå 1979 på Wembley)HodgsonHodgson3:05
4.«Oh Darling» (konsertopptak frå 1979 i Miami)DaviesDavies4:21
5.«Take the Long Way Home» (konsertopptak frå 1979 på Wembley)HodgsonHodgson4:48
6.«Another Man's Woman» (konsertopptak frå 1979 Pavillon de Paris)DaviesDavies7:32
7.«Even in the Quietest Moments» (konsertopptak frå 1979 i Pavillon de Paris)HodgsonHodgson5:36
8.«Rudy» (konsertopptak frå 1979 på Wembley)DaviesDavies and Hodgson7:29
9.«Downstream» (konsertopptak frå 1979 i Pavillon de Paris)DaviesDavies3:28
10.«Give a Little Bit» (konsertopptak frå 1979 i Pavillon de Paris)HodgsonHodgson4:03
11.«From Now On» (konsertopptak frå 1979 på Wembley)DaviesDavies6:53
12.«Child of Vision» (konsertopptak frå 1979 i Pavillon de Paris)HodgsonHodgson, Davies and Helliwell7:32

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Musikars

Supertramp

  • Rick Davies – vokal, piano (spor 1, 2, 10), Hammondorgel (spor 2, 3, 6, 7, 8), Wurlitzer elektrisk piano (spor 3, 5, 8, 9), Harpsichord (4), synthesizer (spor 1, 2, 5, 6, 10), munnspel (spor 6), wah-wah clavinet (spor 2[28])
  • Roger Hodgson – vokal, elektrisk gitar (spor 1, 2, 3, 4, 5, 6, 8, 10), akustisk 12-strengsgitar (spor 2,[28] 5, 7), piano (spor 4, 6, 7), Wurlitzer elektrisk piano (spor 2, 10), pump orgel (spor 4, 7)
  • John Helliwell – saksofon (spor 1, 2, 5, 9, 10), klarinett (spor 4, 6, 7), sirene (spor 2), plystring (spor 3), korvokal
  • Dougie Thomson – bass
  • Bob Siebenberg (oppført som Bob C. Benberg) – trommer, perkusjon

Studiomusikarar

Produksjon

  • Peter Henderson – produsent
  • Supertramp – produsent
  • Peter Henderson – lydteknikar
  • Lenise Bent – assisterande lydteknikar
  • Jeff Harris – assisterande lydteknikar
  • Greg Calbi – ommastring (2002)
  • Jay Messina – ommastring (2002)
  • Russel Pope – lydteknikar på konsertopptak
  • Mike Doud – kunstnarisk leiar, konsept, kunstverk
  • Mick Haggerty – kunstnarisk leiar, design
  • Mark Hanauer – fotografi
  • Aaron Rapoport – fotografi på framsida

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Plassering
Australske Kent Music Report[29] 1
Den austerrikske albumlista[30] 1
Den kanadiske albumlista[31] 1
Den nederlandske albumlista[32] 1
Den franske albumlista[33] 1
Den italienske albumlista[34] 3
Den japanske albumlista[35] 2
Den newzealandske albumlista[36] 1
Norske VG-lista[37] 1
Den spanske albumlista[38] 1
Den svenske albumlista[39] 2
UK Albums Chart[40] 3
US Billboard 200[41] 1
Den vesttyske albumlista[42] 1

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1979) Plassering
Den australske albumlista[29] 1
Den austerrikske albumlista[43] 2
Den kanadiske albumlista[44] 1
Den franske albumlista[45] 2
Den italienske albumlista[34] 6
Den japanske albumlista[46] 29
UK Albums Chart[47] 4
US Billboard 200[48] 5
Liste (1980) Plassering
US Billboard 200[49] 21

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Australia (ARIA)[50] Gull 25,000^
Belgia (BEA)[50] Gull 25 000*
Canada (Music Canada)[51] Diamant 1 000 000^
Frankrike (SNEP)[52] Platina 3,072,100[53]
Tyskland (BVMI)[54] Platina 500 000^
Israel[55] Gull 20,000[56]
Japan (Oricon Charts) 178,000[35]
Nederland (NVPI)[57] Platina 100 000^
New Zealand (RMNZ)[58] Platina 15 000^
Noreg(IFPI Noreg)[50] Gull 25 000*
Portugal (AFP)[57] 2× Gull 40 000x
Spania(PROMUSICAE)[57] 2× Gull 100 000^
Sveits(IFPI Switzerland)[59] Gull 25 000x
Storbritannia (BPI)[60] Platina 300 000^
USA (RIAA)[61] 4× Platina 4 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Grammyprisen

År Vinnar Kategori
1980 Breakfast in America Beste plateomslag
1980 Breakfast in America Beste lydteknikar, ikkje-klassisk album
År Nominert Kategori
1980 Breakfast in America Årets album
1980 Breakfast in America Beste popsong av ein duo eller gruppe med vokal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Erlewine, Stephen Thomas. «Supertramp Breakfast in America Review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 15. juni 2020. 
  2. 2,0 2,1 FIsher, Tyler (2. juli 2006). «Supertramp - Breakfast in America (album review)». Sputnikmusic. Henta 15. juni 2020. 
  3. 3,0 3,1 Holden, Stephen (14. juni 1979). «Supertramp: Breakfast in America». Rolling Stone (New York). Arkivert frå originalen 22. juni 2008. Henta 15. juni 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Pinfold, William (December 2010). «Supertramp – Breakfast in America:Deluxe 2-Disc Edition». Record Collector (382). Henta 19. juni 2020. 
  5. «Official Charts Company». Official Charts Company. Henta 14. juni 2020. 
  6. «US Chart info». Billboard.com. 30. juni 1979. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Melhuish, Martin (1986). The Supertramp Book. Toronto, Canada: Omnibus Press. s. 139–161. ISBN 0-9691272-2-7. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Buskin, Richard (July 2005). Classic Track: Supertramp's 'Logical Song', Sound on Sound.
  9. 9,0 9,1 9,2 (2009). 30th Anniversary Breakfast in America Feature Arkivert 8. februar 2014 ved Wayback Machine., In the Studio.
  10. «Grammy Award Nominees 1980 – Grammy Award Winners 1980». Awardsandshows.com. Henta 15. juni 2020. 
  11. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: S». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 12. juni 2020 – via robertchristgau.com. 
  12. 12,0 12,1 12,2 Larkin, Colin (2006). Encyclopedia of Popular Music 7 (4th utg.). Oxford University Press. s. 857. ISBN 0195313739. 
  13. Strong, Martin Charles (2002). «Supertramp». The Great Rock Discography. The National Academies. ISBN 1-84195-312-1. 
  14. «Review: Breakfast in America». Mojo (London). December 2010. s. 123. 
  15. 15,0 15,1 Sheffield, Rob; et al. (2004). Brackett, Nathan; Hoard, Christian, red. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 797. ISBN 0-7432-0169-8. 
  16. Starr, Red. «Albums». Smash Hits (19. april – 2. mai 1979). s. 25. 
  17. Staunton, Terry (December 2010). «Supertramp Breakfast in America». Uncut (London). s. 102. 
  18. Christgau, Robert (2. juli 1979). «Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 15. juni 2020. 
  19. Lister, David (28. mai 1994). «Pop ballads bite back in lyrical fashion: David Lister charts a sea change away from rap towards memorable melodies». Independent.co.uk. The Independent. Henta 15. juni 2020. 
  20. 20,0 20,1 Doran, John (29. oktober 2010). «Supertramp Breakfast in America Review». BBC Music. Henta 13. juni 2011. 
  21. The World Critics List. 1987
  22. Guinness: All-time top 1000 albums. 1994. Archived at rocklistmusic.co.uk
  23. «100 Greatest British Rock Album Ever». Classic Rock. April 2006. Archived at rocklistmusic.co.uk
  24. 100 Greatest Albums Arkivert 27. februar 2011 ved Wayback Machine.. 4MMM. Henta 18. juni 2011.
  25. Marsh, Dave. «Sez Who? Bands & Singers Critics Love to Hate». New Book of Rock Lists. Sidgwick & Jackson. 1994.
  26. Guilty Pleasures!: Essential Playlist of the 115 Records it's OK to Love. Q magazine. September 2006. Archived at rocklistmusic.co.uk
  27. Colin Larkin (2000). All Time Top 1000 Albums (3rd utg.). Virgin Books. s. 124. ISBN 0-7535-0493-6. 
  28. 28,0 28,1 «CLASSIC TRACKS: Supertramp 'The Logical Song'». 
  29. 29,0 29,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  30. «Supertramp – Breakfast in America (Album)» (ASP). Austrian Charts (på tysk). Hung Medien. Henta 15. juni 2020. 
  31. «100 Albums». RPM 31 (9). 26. mai 1979. Arkivert frå originalen (PHP) 4. mars 2016. Henta 15. juni 2020. 
  32. «Supertramp – Breakfast in America (Album)» (ASP). Dutch Charts (på nederlandsk). Hung Medien, MegaCharts. Henta 15. juni 2020. 
  33. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 6. mai 2013. Henta 15. juni 2020. 
  34. 34,0 34,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1979» (på italiensk). hitparadeitalia.it. Henta 15. juni 2020. 
  35. 35,0 35,1 Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005. Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  36. «Supertramp – Breakfast in America (Album)» (ASP). charts.nz. Hung Medien, Recording Industry Association of New Zealand. Henta 15. juni 2020. 
  37. «Album Info: Breakfast in America by Supertramp». VG-lista (på Norwegian). Arkivert frå originalen (PHP) 14. juli 2012. Henta 15. juni 2020. 
  38. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st utg.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  39. «Supertramp – Breakfast in America (Album)» (ASP). Swedish Charts (på svensk). Hung Medien. Henta 15. juni 2020. 
  40. «Artist Chart History: Supertramp». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 17. februar 2011. Henta 15. juni 2020. 
  41. «Supertramp Album & Song Chart History: Billboard 200». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 15. juni 2020. 
  42. «Album Search: Supertramp» (ASP) (på German). Media Control. Henta 12. september 2011. 
  43. «Austriancharts.st – Jahreshitparade 1979» (på tysk). Hung Medien. Arkivert frå originalen (ASP) 11. oktober 2011. Henta 4. oktober 2011. 
  44. «RPM Top 100 Albums of 1979». RPM. Henta 9. juni 2020. 
  45. «Les Albums (CD) de 1979 par InfoDisc» (på fransk). infodisc.fr. Arkivert frå originalen (PHP) 21. februar 2014. Henta 11. februar 2012. 
  46. «Japanese Year-End Albums Chart 1979». 年アルバム年間ヒットチャート (på Japanese). Oricon. 1979. Henta 12. september 2011. 
  47. «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 19. mai 2012. Henta 4. oktober 2011. 
  48. Nielsen Business Media, Inc (22. desember 1979). Billboard.com – Year End Charts – Year-end Albums – The Billboard 200. Henta 4. mai 2013. 
  49. Nielsen Business Media, Inc (20. desember 1980). Billboard.com – Year End Charts – Year-end Albums – The Billboard 200. 
  50. 50,0 50,1 50,2 Murrells, Joseph (31. desember 1984). Million selling records from the 1900s to the 1980s: an illustrated directory. Barrie & Jenkins. s. 482. ISBN 9780713438437. Henta 1. mai 2013. 
  51. «Canadian album salstrofé – Supertramp – Breakfast in America». Music Canada. 
  52. «French album salstrofé – Supertramp – Breakfast in America» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  53. «Les Albums Platine». infodisc.fr. SNEP. Arkivert frå originalen 25. desember 2013. Henta 9. juni 2020. 
  54. «Gold-/Platin-Datenbank (Supertramp; 'Breakfast in America')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  55. «Supertramp - Gold in Israel» (PDF). Cash Box. 27. oktober 1979. s. 56. 
  56. «Israeli Awards». Billboard. 27. august 1982. s. 57. Henta 14. november 2019. 
  57. 57,0 57,1 57,2 Murrells, Joseph (31. desember 1984). Million selling records from the 1900s to the 1980s: an illustrated directory. Barrie & Jenkins. s. 482. ISBN 9780713438437. Henta 1. mai 2013. 
  58. «New Zealand album salstrofé – Supertramp – Breakfast in America». Recording Industry Association of New Zealand. Henta 14. november 2019. 
  59. «The Official Swiss Charts and Music Community: Awards (Supertramp; 'Breakfast in America')». Hung Medien. 
  60. «British album salstrofé – Supertramp – Breakfast in America». British Phonographic Industry.  Enter Breakfast in America in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  61. «American album salstrofé – Supertramp – Breakfast in America». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]