Breaking Glass
Breaking Glass Singel av David Bowie frå albumet Stage | ||
B-side | «Art Decade» «Ziggy Stardust» | |
---|---|---|
Utgjeve | November 1978 | |
Innspelt | Anten Philadelphia 28.-29. april; Providence 5. mai eller Boston 6. mai 1978 | |
Sjanger | Rock/Elektronisk | |
Lengd | 3:28 | |
Selskap | RCA BOW 1 | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie George Murray Dennis Davis | |
Produsent | Tony Visconti | |
David Bowie-kronologi | ||
«Beauty and the Beast» 1978 |
Breaking Glass | «Boys Keep Swinging» 1979
|
«Breaking Glass» er ein song av den engelske artisten David Bowie. Han vart skriven av Bowie, bassist George Murray og trommeslagar Dennis Davis. Songen vart opphavleg gjeven ut på albumet Low i 1977. Ein omarbeidd versjon vart spelt på 1978-turneen og eit konsertopptak frå turneen vart gjeven ut som singel for å promotere konsertalbumet Stage i 1978. EPen nådde 54. plass på den britiske singellista i desember 1978.
I USA vart songen «Star» valt ut som singel frå albumet (med «What in the World» og «Breaking Glass» som B-sider), men nådde ikkje lista. I Japan vart «Blackout» gjeven ut på singel.
«Breaking Glass» vart framført på turneane i 1978, 1983, 1995–1996, 2002 og 2003-2004.
Tekst[endre | endre wikiteksten]
Den originale songen var kompromisslaus sjølv til Low å vere. Den fragmenterte teksten, var som fleire andre songar skriven under perioden Bowie budde i Berlin, sjølvgranskande på den mørke, narkotikafylte perioden då han budde i Amerika i 1976-1976. Teksten såg meir ut som ein paragraf enn ein song, og då han vart delt inn i frasar, gav han songen ein usamanhengande kjensle. Songen er òg merkverdig kort, med berre eitt vers og ei lengd på under to minutt.
Linjene «Don't look at the carpet; I drew something awful on it» syner til at Bowie teikna Livstreet på golvet i denne perioden, sidan han var interessert i Aleister Crowley og Kabbalah på denne tida.
Innhald[endre | endre wikiteksten]
- «Breaking Glass» (Bowie, Davis, Murray) – 3:28
- «Art Decade» (Bowie) – 3:10
- «Ziggy Stardust» (Bowie) – 3:32
Medverkande[endre | endre wikiteksten]
- Musikarar:
- David Bowie: Vokal
- Adrian Belew: Gitar
- Carlos Alomar: Gitar
- George Murray: Bass
- Dennis Davis: Trommer
- Sean Mayes: Piano
- Roger Powell: Klaverinstrument
Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]
- Eit konsertopptak frå Heroes-turneen i Philadelphia Spectrum, 28.-29. april 1978, vart gjeven ut på konsertalbumet Stage og på den nemnde singelen. Denne versjonen vart òg gjeven ut som B-sida til singelen «Star» i 1978.
- Eit konsertopptak frå Dublin i 2004 vart gjeven ut på albumet A Reality Tour i 2010.
Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]
- Songen finst på samleplatene:
- Chameleon (Holland 1979)
- Best of Bowie (1980)
- Sound and Vision-boksen (1989)
- The Best of 1974/1979 (1998)
- Han vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time-settet
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Breaking Glass» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Pegg, Nicholas, The Complete David Bowie, Reynolds & Hearn Ltd, 2000, ISBN 1-903111-14-5