Bredo Morgenstierne
| Bredo Morgenstierne | |||
| | |||
| Fødd | 11. november 1851 Christiania | ||
|---|---|---|---|
| Død | 24. april 1930 Oslo | ||
| Nasjonalitet | Noreg | ||
| Yrke | professor, jurist, universitetslærar | ||
| Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
| Barn | Wilhelm von Munthe af Morgenstierne, Georg Valentin von Munthe af Morgenstierne, Otto Morgenstierne | ||
Bredo Henrik von Munthe af Morgenstierne (11. november 1851–24. april 1930) var ein norsk professor i rettsvitskap frå Oslo. Han var far til språkforskaren Georg Morgenstierne.
Bredo Morgenstierne vart cand.jur. i 1874 og dr.jur. i 1887 på avhandlinga «Om erstatningsansvar for andre handlinger». Frå 1884 var han dommar i Oslo byrett og frå 1889 professor i lovkunne, statsøkonomi og stat ved Universitetet i Oslo, medlem av Det akademiske kollegium, rektor ved universitetet frå 1912 til 1918. Morgenstierne tok avskil i 1919. Han var formann i mange lovkomitear, så som Handelskovskomiteen av 1896.
Morgenstierne sitt hovudverk er Lærebog i den norske statsforfatningen, som kom ut fyrste gongen i 1900, og Forelæsninger over sosialøkonomiens grundtræk frå 1909. Han gav og ut Universitetets almindelige historie i 1911 og Norsk sosialstatistik i 1912.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1958