Bredtvet

Koordinatar: 59°56′53.128″N 10°51′35.406″E / 59.94809111°N 10.85983500°E / 59.94809111; 10.85983500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°56′53.128″N 10°51′35.406″E / 59.94809111°N 10.85983500°E / 59.94809111; 10.85983500

Torshov kompetansesenter på Bredtvet.

Bredtvet (også Bredtveit og Bredtvedt) er eit område i bydel Bjerke i Groruddalen nordaust i Oslo. Staden er ein åsrygg som ligg mellom Veitvet i vest og Kalbakken i aust. Riksveg 4, Trondheimsveien danner grensa mot Rødtvet og Lillomarka i nord og over Østre Aker vei ligg bydel Alna i sør.

Bredtvet var tidlegare ein storgard, og best kjend som heimen til lekpredikanten Hans Nielsen Hauge tidleg på 1800-talet. På garden blei Bredtvet kyrkje bygd i 1977. Det er reist ein obelisk med minneplate over Hauge i kyrkjehagen.

Bredtveit kvinnefengsel ligg like nord for kyrkja. Bygget til den nedlagde Bredtvet vidaregåande skule ligg på sørsida av henne, medan Bredtvet kompetansenseter og Torshov kompetansesenter ligg mot søraust.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]