Bregma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skalletaket sett frå oversida. Bregma ligg ved kryssinga av koronarsaumen og pilsaumen. Lambda er òg synleg der pilsaumen kryssar lambdasaumen.
1) Koronarsaumen
2) Pilsaumen
3) Lambdasaumen

Bregma er det anatomiske punktet på skalletaket der koronarsaumen blir kryssa vinkelrett av pilsaumen.[1][2] Ordet bregma kjem frå gresk og tydar «på toppen av hovudet».[3]

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Bregma ligg ved kryssinga mellom koronarsaumen og pilsaumen i den midtre delen av skalletaket. Den dannar punktet der pannebeinet møter issebeina.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Bregma er kjent som den pannefontanellen i spedbarnsalderen. Fontanellen er membranøs og lukkar seg i laupet av dei første 36 månadane av livet.

Klinisk relevans[endre | endre wikiteksten]

I den medfødde lidinga cleidokranial dysplasi, lukkar ikkje pannefontanellen seg for å forme bregma.

Bregma blir ofte bruka som eit antropometrisk målepunkt ved stereotaktisk kirurgi i hjernen.

Ved undersøking av nyfødde og spedbarn er det vanleg å palpere pannefontanellen. Eit søkk i fontanellen tydar på dehydrering, medan ein spent eller bulande fontanell tydar på auka hjernetrykk.

Fleire bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Walberg, Fred (14. februar 2009). «bregma». Store norske leksikon. Henta 28. februar 2015. 
  2. Holck, Per (25. januar 2015). «bregma». Store medisinske leksikon. Henta 28. februar 2015. 
  3. Liddell & Scott, Greek-English Lexicon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Bregma