Hopp til innhald

Bregneblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bajka o kwiecie paproci ('Soga om bregneblomen', ca. 1910) av Antoni Piotrowski.

Bregneblom er ein magisk blom i slavisk og baltisk mytologi. Bregnar har ikkje blomar i røynda.

Ifølgje myten blømer plante berre i ein særs kort periode under sommarsolkverv. Blomen gjev lykke til den som finn han. Denne lykka er ifølgje dei ulike mytane anten hell, rikdom eller evna til å forstå dyrespråk. Blomen er verna av vonde ånder, men dei jordiske rikdommane han gjev vil ikkje vera nokon til gagn. Derfor er det opptil den enkelte som finn han om han vil plukka blomsteren eller ikkje.

I Baltikum skulle blomen berre bløma ved jonsok, og han er her eit symbol på fruktbarheit. Unge par som finn blomen vil altså bli fruktbare.

Slaviske land

[endre | endre wikiteksten]

Ifølgje slaviske mytar blømer bregneblomen berre på kupalanatta. Her vil unge jenter og par gå ut i skogen for å finna blomen. Om ein mann kjem ut av skogen med blomekransen til ei jente om halsen tyder det at dei er blitt trulova. Ifølgje tradisjonen er bregneblomen ein tsjervona ruta (ein mytologisk vinrute-aktig blome) som normalt er gul, men som blir raud på kupalanatta.

Det finst døme på liknande tradisjonar i Sverige, der det blei sagt at ein berre kunne finna blomen ved midnattmidsommaraftan. Tilmed då var han magisk verna og vanskeleg å plukka, men blomar og frø frå bregnar var rekna som særs nyttig.[1]

  1. Ericsson, Gustaf (1992) [First published 1877-78]. Hellquist, Magdalena, red. Folklivet i Åkers och Rekarne härader [Everyday Life in the Districts of Åker and Rekarne] (PDF) (på svensk) 3. Uppsala: The Institute of Dialect and Folklore Research. s. 88, 176, 190. ISBN 978-91-85540-57-0. Arkivert frå originalen (PDF) 7. november 2017. Henta 1. november 2017.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bregneblom