Bregneplantar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bregneplantar
Tree Fern.jpg
Systematikk
Rike: Plante Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Monilophyta
Klasse: Bregneplantar Polypodiopsida
Cronquist, Takht. & W.Zimm., 1966
Haustmarinøkkel tilhøyrer ormetungefamilien (Ophioglossaceae), og ein reknar med at desse tilhøyrer bregneplantane eller kanskje også er ei søstergruppe av karsporeplantane.
Psilotum nudum er ei primitiv form for bregneplante som ikkje høyrer til dei eigentlege bregnene, men som saman med ormetunger truleg er ei eiga søstergruppe av karsporeplantane.
Fylogenetisk tre som viser slektskap og kladar av bregneplantar. Eigentlege bregnar over den stipla linjen. Latinske na,n på kladar til venstre, namn på familiar i midten, deretter namn på orden og klasse heilt til høgre. Namna byggjer på seinaste konsensus iht. Pryer et al 2004, og Smith et al 2006, side 708.

Bregneplantar (Monilophyta)[1] er ei gruppe av karsporeplantar. Ho er rekna som ein underdivisjon under karplantane (Tracheophyta). Gruppa inneheld følgjande klassar og sjølvstendige ordenar:

Desse karplantene har ei noko usikker plassering under karplantane, men ein plasserer dei ofte saman som «bregneplanter». Dei har store, ofte trekanta blad. Mange av bregnene har innrulla blader fram til dei veks fullt ut. Dei formerer seg ved hjelp av sporar som vanlegvis blir til på undersida av blada.

I eldre systematikk utgjorde bregneplantene ein gruppe med det vitskaplege namnet «Filicatopsida» (eller «Filicatae»). Etterkvart har det vist seg at tre bregnegrupper, Psilotales, ormetungebregner og Marattiales, ikkje er i nær slekt med resten av bregnene. Ormetungebregner (Ophioglossales) verker vera nærast i slekt med Psilotales, medan Marattiales verker vera nærast i slekt med sneller (Equisetales).

Bregneplantar i denne tydinga er altså ei parafyletisk gruppe, men om ein også tek med snelleplantane (Equisetopsida) blir gruppa fullstendig. Resten av dei egentlege bregnene, dvs. med unntak av Marattiaceae og ormetungebregner, er derimot ei monofyletisk gruppe ofte kalla bregnar (Polypodiopsida), eller eigentlege bregnar (Leptosporangiatae), og utgjer dessutan hovudvekta av alle bregneplantar.

Bregneplantane er (med unntak av ormetungegruppa) kjenneteikna av sporehus med veggar som berre er eitt cellelag tjukt. Bregnar veks i alle klimasoner, men er representert med flest artar i tropane. I Noreg finst det 42 viltveksande artar av eigentlege bregnar, 7 artar i ormetungefamilien og 8 artar sneller.

Fylogenetikk[endre | endre wikiteksten]

Moderne studiar (Smith et Al, 2006) anerkjenner 4 klassar (Psilotopsida; Equisetopsida; Marattiopsida; Polypodiopsida), 11 ordenar og 37 familiar av bregneplantar.

Inndelinga er delvis klarlagd ved hjelp av fylogenetiske analysar og er gjengitt i hierarkisk skrivemåte], slik:

Bregneplantar: (Monilophytes)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Smith, A. R., K. M. Pryer, et al.' «A classification for extant ferns», i Taxon 2006 55(3), side 705.
  • Smith, A. R., K. M. Pryer, et al.' "A classification for extant ferns", i Taxon 2006 55(3), side 705-731. arkviert versjon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]