Breiangen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tofte (Hurum) og Ranvikholmen sett frå Breiangen.

Breiangen eller Breidangen er ein del av Ytre Oslofjord som ligg vest for sjølve hovudleia frå Skagerrak til Oslo. Det ligg sør for Hurum, vest for Son og Moss, nord for Horten og aust for Holmestrand.

Innløpet til Drammensfjorden ligg i nordvest. I vest grenser det til Holmestrandfjorden på andre sida av Langøya og Sandebukta på andre sida av Bjerkøya. Midt i Breiangen, vest for hovudleia i Oslofjorden, ligg den vesle øya Mølen.

Breidangen Rundt er ein regatta som går av stabelen kvart år i mai. Start og målgang er ved Quality Spa & Resort Holmsbu. I 2007 vart seilaset oppgraderte til kretsmeisterskap for Vestfold.[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Breidangen Rundt 2007». seilmagasinet.no. Henta 22. februar 2008.