Breidde i astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Breidde i astronomi syner til forskjellige vinkelavstandar etter kvar ein plasserer sentrum.

Geosentrisk og heliosentrisk ekliptikkbreidde er vinkelavstanden til ein himmellekam frå ekliptikken, rekna positiv (0°–90°) mot nordpolen til ekliptikken og negativ mot sørpolen. Observatøren kan tenke seg å vere i høvesvis sentrum av jorda eller sentrum av sola.

Galaktisk breidde er vinkelavstanden til ein himmellekam frå galaktisk ekvator, rekna positiv (0°–90°) mot den galaktiske nordpolen og negativ mot sørpolen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]