Breidsundet i Herøy i Møre og Romsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 62°21′19″N 05°36′37″E

For andre stader med same namnet, sjå Breidsundet.

Breidsundet er eit sund mellom øyane Nerlandsøya og Remøya i Herøy kommune i Møre og Romsdal.

Sundet skjermar Holmefjorden til ei viss grad frå Atlanterhavet, men er samstundes den einaste vegen for større skip som skal inn til Fosnavåg. Sjølve opninga er mellom Teigeneset og Grønnholmen, medan Pessa, Trollholmen, Tangane, Vårhuda, Kobbholmen, Skotholmen og Urholmen stenger for.