Breimsvatnet

Koordinatar: 61°41′38″N 06°23′17″E / 61.69389°N 6.38806°E / 61.69389; 6.38806
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Breimsvatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommunar Sunnfjord, Gloppen
Høgd over havet 59-61 moh.
Areal 22,67 km²
Middeldjupn 129 m
Største djupn 278 m
Volum 2,92 km³
Kystlengd1 42,97 km
Koordinatar 61°41′38″N 06°23′17″E / 61.69389°N 6.38806°E / 61.69389; 6.38806
Kart
Breimsvatnet
61°41′00″N 6°23′00″E / 61.683333333333°N 6.3833333333333°E / 61.683333333333; 6.3833333333333
Wikimedia Commons: Breimsvatnet
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Breimsvatnet er ein innsjø i kommunane Gloppen og Sunnfjord i Vestland. Innsjøen har utløp til Gloppenfjorden gjennom Gloppeelva, som òg vert kalla Gloppenelva eller Storelva.

Breimsvatnet har som eitt av få vatn i Sogn og Fjordane ein dokumentert bestand av storaure. I tillegg finst det ein bestand av småfallen røye i vatnet som det vart drive aktiv utfisking på gjennom midten av 90-talet. Breimsvatnet og omliggande vatn er kjent for gode forhold for fiske og trekker mange turistar i sommarhalvåret.

Henrik Ibsen passerte gjennom Breim på si reise gjennom Vestlandet sommaren 1862, han skildra området slik:[1]

«Bræheimsvandet, som med sine Omgivelser vistnok er mindre besøgt af Tourister, end det fortjener, tager sin Begyndelse en god halv Miil ovenfor Jølstervandet; men denne lille Veistrækning har et Parti at opvise, som i storartet Vildhed fuldkommen kan stilles ved Siden af Romsdalen eller det mærkelige Punkt i Bæverdalen, hvor alle Udveie synes at stænges af Fjeldsiderne. Dalføret her er igrunden ikke andet end en Revne mellem de bugtede, uhyre, sønderrevne Fjeldmure, og fyldt med nedstyrtede Tinder og Bergstykker, saa store, at man kunde udhule en heel Domkirke i mangen en af dem. Den samme vilde Charakteer beholder Bræheimsvandet den første halve Miil opover, men herfra vider Stranden sig ud til flade, dyrkede Strækninger. Fra Skydsskiftet Reed gaar Postveien nordover over et Høifjeld omkring 2000 Fod iveiret.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ystad, Vigdis: Innledning til Brand. UiO Henrik Ibsens skrifter http://ibsen.uio.no/DRINNL_Br%7Cintro_background.xhtml lese på nett 22.jan 2013 (henta frå Illustreret Nyhedsblad 9. november 1862, nr. 45).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]