Breitach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Breitach nær Mittelberg

Breitach er ei fjellelv i Allgäuer i Vorarlberg i Austerrike og Bayern i Tyskland, og ei av sideelvane til Iller frå venstre.

Ho har sitt utspring i Baad, ein del av Mittelberg i Kleinwalsertal der fleire mindre elvar renn i hop. Ho renn så nordvestover gjennom dalen og i tidlegare tider gav ho namn til Breitachtal. Ved Walserschanze renn ho inn i Tyskland og gjennom den smale Breitachklamm. Her møter ho Starzlach frå vest. Ved Illerursprung i Oberstdorf dannar ho elva Iller i lag med Stillach og Trettach, som vidar renn inn i Donau ved Ulm.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]