Breivik i Salten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Breivik i Salten

Breivik er ei bygd i Bodø kommune i Nordland. Bygda, som fram til 2005 høyrde til tidlegare Skjerstad kommune, ligg på sørsida av Skjerstadfjorden. Breivik har om lag 100 ibuarar og eige samfunnshus. Bygda er endepunkt for Fylkesveg 7488, ein 13 km lang vegstubb som går austover frå Støvset i fjordarmen Misværfjorden og innover langs Skjerstadfjorden.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Vegkart», www.vegvesen.no, henta 27. februar 2020 
  • Norsk Allkunnebok. II. Bandet. 1950