Breivikelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Breivikelva
Storelva
elv
Breivikelva ved Fv51.JPG
Breivikelva rundt 3 km frå munningen i Ullsfjorden
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Troms
Kommune Tromsø
Nedslagsfelt 196,35 km²
Sideelvar Nakkelva, Tepphaugelva,
Russevanka,
Bjørnskarelva,
Storforselva
Lengd 40,2 km
Middelvassføring 10,57 /s
Kjelde Samløp Bjørnskarelva og Storforselva

Breivikelva
69°44′41″ N 19°23′25″ E

Breivikelva (òg kalla Storelva) er ei elv i Tromsø kommune i Troms. Ho vert danna ved samløpet av Bjørnskarelva og Storforselva og munnar ut i Ullsfjorden ved bygda Breivikeidet. Elva er 25,8 km lang (40,2 km medrekna Bjørnskarelva), og har eit nedbørfelt196,35 km².[1] Middelvassføringa ved munningen er 10,57 m³/s.[1]

Breivikelvas fjernaste tilløp er Bjørnskarelva, som har utspring i Bjørnskaret i fjella austom Ramfjorden. Vanlegvis er det endå det andre hovudtilløpet, Storforselva, som har utspring i området austom Tromsdalstinden og dannar den 250 meter høge Storforsen, som vert rekna som kjelda til Breivikelva. Dei to elvene lauper saman rundt seks kilometer nordaust for Fagernes. Etter samløpet renn elva i nordaustlegg retning i eit sterkt meanderande løp med lite fall. Breivikelva har mange sideelvar, derav dei største er Tepphaugelva, Russevanka og Nakkelva. Elva munnar ut i Ullsfjorden gjennom eit 1,5 kilometer langt og opptil 400 meter breitt brakkvassdelta.[2] Sør for munningen ligg Sandbukta naturreservat.[3]

Fylkesveg 91 går parallelt med elva over heile strekninga, og rundt tre kilometer før munningen kryssast ho av Fylkesveg 51. Det ligg spreidd busetnad langs vassdraget, som elles er utan tekniske inngrep, med unntak av stedvis erosjonsvern i form av steinfyllingar langs elvebreidda i nedre del av elva.

Vassdraget vart i 1973 verna mot kraftutbygging i Verneplan I for vassdrag.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «NVE Atlas». Norges vassdrags- og energidirektorat. Henta 12. april 2014. 
  2. «Breivikelvas utløp i Ullsfjorden». Elvedeltadatabasen. Miljødirektoratet. Henta 13. april 2014. 
  3. «Sandbukta». Naturbase. Miljødirektoratet. Henta 13. april 2014. 
  4. «203/1 Breidvikelva». nve.no – Vann og vassdrag. NVE. 30. oktober 2013. Henta 13. april 2014.