Brekkbønne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brekkbønner)
Hopp til navigering Hopp til søk
Brekkbønner

Brekkbønne eller brytbønne er ei kulturform av hagebønne med lengre eller kortare belgar som er runde eller ovale i tverrsnitt. Belgane blir skorne opp i 3–5 delar eller snitta som snittebønner, og kan oppbevarast djupfrosne.[1]

I Noreg skil ein vanlegvis mellom brekkbønner og aspargesbønner gjennom storleiken på skolmane. Brekkbønner er typisk større medan aspargesbønner er små og runde.[2] Tidlege sortar av brekkbønne kan dyrkast i innlandsstrok og nordover i Noreg.[1]

Ein annan variant av brekkbønner med lange, tynne og mørkegrøne belgar som ein kan koka heile blir kalla delikatessebønner, haricots verts eller kenyabønner.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Brekkbønne» (14. februar 2009) i Store norske leksikon, snl.no.
  2. 2,0 2,1 «Erter og bønner». frukt.no. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]