Brekken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brekken herredshus

Brekken (sørsamisk Prahke) er ei fjellbygd 700 moh., nær svenskegrensa, i Røros kommune. Brekken ligg 35 km frå Røros og 40 km frå Funäsdalen i Sverige.

Brekken var tidligere kommunesenter for Brekken kommune. Kommunen vart skilt ut frå Røros kommune 1. januar 1925, og 1. januar 1964 vart han samanslegen med bergstaden Røros, Røros landsogn og Glåmos til Røros kommune.

Bygda har barnehage, skule (1-10), butikk, bensinstasjon, post, bank, ungdomshus, kyrkje og skistadion med klubbhus. Skysstasjon Skottgården ligg i bygda og historielaget driv eit bygdemuseum. Brekken flyplass vart åpna i august 2009.

Fjella i Brekken er lett tilgjengelige og gjev varierende turmuligheiter både sumar og vinter, gode fiskemuligheter og tilgang på sopp og multer. Sølendet naturreservat har eit rikt planteliv og 12 registrerte orkideartar. Fleire område er av interesse for botanikarar, geologar og ornitologar.

Tamneshalvøya, som har mange hytteområde, ligg nokre kilometer frå Brekken sentrum.