Brekken Idrettslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Brekken IL)

Brekken Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i bygda Brekken i Røros kommune. Laget vart stifta i desember 1933 og driv med fotball og skiidrett. Tidlegare stod også handball på programmet. I 2020 hadde Brekken Idrettslag om lag 290 medlemer.

Brekken sitt fotballag spelar i heilraude drakter. I perioden 1971-85 deltok laget åtte gongar i noregsmeisterskapen i fotball. År 1978 vann Brekken med 3-1 over Neset Fotballklubb i 1. runde. I 2. runde fekk laget besøk av fyrstedivisjonslaget Molde FK, ein kamp som enda tap 1-2. Også i 1981 tok Brekken seg til 2. runde i noregmeisterskapen, då vart det tap 0-1 mot gjestande Rosenborg BK. Gjennom 1970-80-åra spelte Brekken IL jamnt i 4. divisjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]