Brekkestø
Brekkestø er ei bygd eller ein strandby på sørenden av Justøya i Lillesand kommune i Agder. Bygda ligg ved sørenden av Fylkesveg 232.
I seglskutetida var Brekkestø ei hamn for skip som venta på god seglvind eller søkte ly for uver. Bygningsmiljøet med trearkitektur frå seglskutetida er godt bevart. I dag er den gamle uthamna Brekkestø ein mykje søkt feriestad.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Norsk Allkunnebok. II. Bandet. 1950
- Denne artikkelen bygger på «Brekkestø» frå Wikipedia på bokmål, den 24. juni 2013.