Bremanger Smelteverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bremanger Smelteverk er eit smelteverk i Svelgen, kommunesenteret i Bremanger. Verket er i dag drive av Elkem.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Verket vart starta som eit jernverk, og har sidan starten i 1928 vore rekna som eit hjørnesteinføretak i Svelgen. Dei som starta jernverket var skipsreder Jebsen, Bergens Privatbank og dr.ing Jørgen H. Andersen. Christiania Spigerverk var òg inne som aksjonærar frå starten av.[1]

Jernverket var òg i drift under andre verdskrigen, og vart av tyskarane sett på som strategisk viktig.[2]

Bremanger Smelteverk vart ein del av Elkem, då Christiania Spigerverk vart ein del av Elkem-konsernet i 1972. I dag heiter smelteverket Elkem OS, Bremanger Smelteverk. Hovedprodukta er elektrisk kraft, ferrosilisium og silisium-metall.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bremanger Smelteverk - hjørnesteinen i kommunesenteret
  2. Tyske festningar