Bremanger kommune
Bremanger kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Svelgen | ||
Areal | 833 km² | ||
- land | 788 km² | ||
- vatn | 45 km² | ||
Folketal | 3 482 (1. januar 2023) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Anne Kristin Førde (Ap) | ||
Kommunenr. | 4648 | ||
![]() Bremanger kommune | |||
Wikimedia Commons: Bremanger | |||
Nettstad: www.bremanger.kommune.no | |||
Bremanger kommune er ein kystkommune som ligg på grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord i Vestland fylke. Kommunen er delt i to — indre og ytre Bremanger, høvesvis fastlandet og øyane Bremangerlandet og Frøya.
Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]
Øyane er knytte saman med bru. Ytre del av kommunen har ferjesamband med Måløy. Tunnel under Skatestraumen og bru til Rugsund knytte øyane til fastlandet i 2002(Bremangersambandet 1).Ny tunnel Bortne-Langesi(Bremangersambambandet 2) opna i 2013 og kortar avstand frå øyane til Svelgen (og Florø/Førde) med 40 km.Det er ferjesamband over Nordfjorden frå Isane til Stårheim.Det er snøggbåtsamband nordover til Selje og sørover til Florø og Bergen. Avstand til flyplass i Florø frå Svelgen er 59,9 km. Svelgen, som ligg inst i Nordgulen, er kommunesenter.
Næring[endre | endre wikiteksten]
Næringsgrunnlaget i ytre delen av kommunen har tradisjonelt vore knytt til fiske- og fiskeforedling, noko kystkulturlandskapet ber preg av. I Svelgen ligg den største arbeidsplassen i kommunen — Elkem ASA Bremanger Smelteverk, ei metallurgisk industriverksemd med om lag 290 årsverk. Elles er der jordbruk, skogbruk og serviceverksemder.
Natur[endre | endre wikiteksten]
Kommunen har ein svært variert natur, frå det golde kystlandskapet til frodige landbruksbygder og høge fjell og brear i indre del av kommunen. Fjellet Hornelen er den høgaste sjøklippa i Nord-Europa.
Tettstader[endre | endre wikiteksten]
- Bremanger med 0 innbyggjarar per 1. januar 2017
- Kalvåg med 418 innbyggjarar per 1. januar 2017
- Svelgen med 1 097 innbyggjarar per 1. januar 2017
Bygder[endre | endre wikiteksten]
Kjende folk frå Bremanger kommune[endre | endre wikiteksten]
- Amanda Igland (1917–2002), pensjonatvertinne, fiskarkone, lokalpolitikar og organisasjonskvinne.
- Heidi Grande Røys, politikar