Bremsnesfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ytre delen av Bremsnesfjorden på ferja til Kristiansund. Ein kan sjå Grip i horisonten om lag midt i biletet.

Bremsnesfjorden er ein fjord i Averøy kommune og Kristiansund kommuneNordmøre. Fjorden strekkjer seg 11 km sørover på austsida av Averøya og held fram som Kvernesfjorden vidare sørover.

Fjorden har innløp mellom Øksenvågen i vest og Meldalsholmen ved Kristiansund i aust. Sjølve byen Kristiansund ligg på austsida av fjorden. Like innanfor innløpet går Brunsvikbukta inn til Brunsvika i Kirklandet og litt lenger sør går Sørsundet inn til sentrum av byen på nordsida av øya Innlandet. Mellom Innlandet og øya Frei, som fram til 2008 var ein eigen kommune, ligg Bolgsvaet. På Frei går Møstavågen inn til bygda Møst.

På Averøya langs vestsida av fjorden ligg bygdene Bremsnes, som fjorden er kalla opp etter, og Kjerkevågen.