Hopp til innhald

Brenda Lee

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Brenda Lee

Fødd11. desember 1944 (80 år)
FødestadGrady Memorial Hospital
FødenamnBrenda Mae Tarpley
AliasLittle Miss Dynamite, Brenda Lee
OpphavUSA
Aktiv1951
Sjangerrock and roll, estrada, country, pop
Instrumentvokal
PlateselskapDecca Records, Charly Records, MCA Records
Verka somsongar, låtskrivar
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, Rock and Roll Hall of Fame

Brenda Lee, opphavleg Brenda Mae Tarpley (fødd 11. desember 1944), kjend profesjonelt som Brenda Lee, er ein amerikansk songar innan pop- og countrysjangeren. Ho var svært populær på byrjinga av 1960-talet. Ho hadde den fyrste Billboard-hitten sin som tolvåring, i 1957, og blei kjend som «Little Miss Dynamite».

Etter å ha selt over 100 millionar plater globalt, er Lee ein av dei mest suksessfulle amerikanske artistane frå 1900-talet. Lee var den andre kvinna som toppa Billboard Hot 100 (etter Connie Francis) då songen «I'm Sorry» nådde fyrsteplassen i 1960. Ho har mellom anna vunne ein Grammypris, fire NARM-prisar, tre NME-prisar og fem Edison-prisar.[1] I 2023 blei ho nemnd av Rolling Stone som ein av dei største songarane gjennom tidene.[2]

Lee hadde stor suksess med songane «Sweet Nothin's», «I'm Sorry», «I Want to Be Wanted», «Speak to Me Pretty», «All Alone Am I» og «Losing You». Julelåta hennar «Rockin' Around the Christmas Tree», som blei spelt inn i 1958, nådde toppen av U.S. Billboard Hot 100 i 2023, sette fleire listerekordar og gjorde Lee til den eldste artisten nokonsinne til å nå toppen av lista.[3]

Liv og virke

[endre | endre wikiteksten]

Lee var fødd i Atlanta i Georgia, som den andre av dei fire borna til Annie Grayce Yarbrough og Ruben Lindsey Tarpley.[4] Far hennar var i den amerikanske hæren i 11 år og arbeidde deretter i ulike stillingar, inkludert snekkararbeid, fabrikksarbeid og bygg- og anlegg. Mor hennar fann òg arbeid i bomullsfabrikar.[5] Tarpley blei fødd ein månad for tidleg, og vog 4 pund og 11 unser (2126 gram). Ho fekk namnet Brenda av mor si, og blei kalla «Bootie Mae» av faren.[5]

I 1953 dreiv far til Tarpley med bygningsarbeid då ein hammer fall ned frå eit stillas og råka han i hovudet. Han mista medvitet og blei teken til sjukehus, der legane utførte ein hjerneoperasjon på han.[5] Han døydde kort tid etter, og familien blei pengelaus. Tarpley hjelpte til med å forsørga familien gjennom å synga.[6][7] Dei tok bussen frå heimen i Lithonia til Atlanta kvar veke slik at Tarpley kunne opptre.[5] Ein lokal TV-produsent på denne tida føreslo å bruka eit artistnamn fordi «Brenda Tarpley» var vanskeleg å hugsa. Snart tok ho i bruk namnet «Brenda Lee».[8] Etter at mor hennar gifta seg opp att flytta familien til Cincinnati i Ohio og Augusta i Georgia.[5] I Augusta gjekk Brenda Lee på North Augusta Elementary School og junior high school. Stefaren blei manageren hennar i 1955, og booka konsertar rundtom i Atlanta-området.

Barnestjerne

[endre | endre wikiteksten]

Brenda Lee song utan sjenanse frå ho var lita, og foreldra fann ut at dei kunne tena pengar på talentet hennar. I femårsalderen opptredde ho regelmessig med solosong i kyrkja på søndagar. Seks år gammal vann ho ein lokal skuletalentkonkurranse. Førsteprisen var å opptre på showet Starmakers Revue, noko som blei gjennombrotet hennar. Brenda Lee var ein sensasjon. Publikum vart overvelda av stemma hennar og kravde ekstranummer. Nyheita om den vesle jenta med den store stemma spreidde seg raskt, og ho opptredde i ei lang rekkje radio- og tv-show. Suksess med songen «Dynamite» og den beskjedne kroppshøgda hennar gav henne tilnamnet «Little Miss Dynamite».

I 1956 skreiv ho platekontrakt med Decca Records. I byrjinga gjekk det mest i country- og rockabillysongar, men ho orienterte seg snart i retning av meir reindyrka popmusikk. Det kommersielle gjennombrotet starta i Europa, seinare følgde USA. The Beatles var oppvarmingsbandet hennar på ein turné i Storbritannia i 1960, to år før dei sjølv slo igjennom.

Som popstjerne hadde Brenda Lee glansperioden sin i fyrste halvdel av 1960-talet. Den første topp-10-en hitten, den kvikke «Sweet Nothin's», kom ut i 1959. Fram til 1965 følgde det hitsinglar på rekkje og rad, mange av dei såre balladar om ulykkeleg kjærleik som til dømes «I'm sorry», «All Alone Am I», «Losing You» og «Fool #1».

Vaksen songar

[endre | endre wikiteksten]
Brenda Lee og Peter Denton

På midten av 1960-talet endra Lee musikalsk retning ved gradvis å venda tilbake til countrymusikken. Omtrent samtidig viste stemma hennar teikn til slitasje. Etter den siste topp-20-en hitten «Coming on strong» i 1966 hamna utgjevingane hennar lengre ned på hitlistene. På 1970-talet opplevde ho igjen listeplasseringar, men ikkje så imponerande som i åra 1960-1964. Den siste hitten hadde ho i 1985 med «Hallelujah, I Love Her So», der ho song duett med George Jones.

Lee blir rekna som ei av dei første store kvinnelege popstjernene. Ho er den kvinnelege artisten som hadde flest listeplasseringar gjennom heile 1960-talet, sjølv om glansperioden hennar avgrensa seg til åra 1960-1965. Det totale platesalet er anslått til ca. 100 millionar.

Lee heldt fram med sporadiske framsyningar som countryartist. I 1997 vart ho medlem av Country Music Hall of Fame,[9] og i 2002 fekk ho plass i Rock and Roll Hall of Fame.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

[endre | endre wikiteksten]

1950-talet og 1960-talet

[endre | endre wikiteksten]
  • Grandma, What Great Songs You Sang! (1959)
  • Brenda Lee (1960)
  • This Is...Brenda (1960)
  • Emotions (1961)
  • All the Way (1961)
  • Sincerely (1962)
  • Brenda, That's All (1962)
  • All Alone Am I (1963)
  • "Let Me Sing" (1963)
  • By Request (1964)
  • Merry Christmas from Brenda Lee (1964)
  • Brenda Lee Sings Top Teen Hits (1965)
  • The Versatile Brenda Lee (1965)
  • Too Many Rivers (1965)
  • One Rainy Night in Tokyo (1965)
  • Bye Bye Blues (1966)
  • Coming on Strong (1966)
  • Reflections in Blue (1967)
  • For the First Time (med Pete Fountain) (1968)
  • Johnny One Time (1969)

1970-talet

[endre | endre wikiteksten]
  • Memphis Portrait (1970)
  • Brenda (1973)
  • New Sunrise (1973)
  • Brenda Lee Now (1974)
  • Sincerely, Brenda Lee (1975)
  • L.A. Sessions (1976)

1980-talet

[endre | endre wikiteksten]

1990-talet og 2000-talet

[endre | endre wikiteksten]
  • Brenda Lee (1991)
  • A Brenda Lee Christmas (1991)
  • 21 All-Time Greatest Hits(nyinnspillinger) (1996)
  • Precious Memories: Favorite Gospel Songs (1997)
  • Gospel Duets with Treasured Friends (2007)

Desse singlane nådde topp20-listane på Billboard Hot 100, Hot Country Singles & Tracks eller Hot Adult Contemporary Tracks i høvesvis USA eller Storbritannia.

  • One Step At a Time (1957) US Pop #43, US C&W #15
  • Sweet Nothin's (1960) US Pop #4 / UK #4
  • I'm Sorry (1960) US Pop #1 / UK #12
  • That's All You Gotta Do (1960) US Pop #6
  • I Want to Be Wanted (1960) US Pop #1 / UK #31
  • *Rockin' Around the Christmas Tree (1960) US Pop #14 / UK #6
  • Emotions (1961) US Pop #7 / UK #45
  • You Can Depend On Me (1961) US Pop #6
  • Dum Dum (1961) US Pop #4 / UK #22
  • Fool #1 (1961) US Pop #3 / UK #38
  • Let's Jump the Broomstick (1961) UK #12
  • Break It to Me Gently (1962) US Pop #2 / UK #46
  • Everybody Loves Me But You (1962) US Pop #6, US AC #2
  • All Alone Am I (1962) US Pop #3, US AC #1 / UK #7
  • Heart In Hand (1962) US Pop #15, US AC #4
  • It Started All Over Again (1962) US Pop #29 / UK #15
  • Here Comes That Feelin' (1962) US Pop #89 / UK #5
  • Speak to Me Pretty (1962) UK #3
  • Your Used to Be (1963) US Pop #28, US AC #12
  • I Wonder (1963) US Pop #25, US AC #9
  • Losing You (1963) US Pop #6, US AC #2 / UK #10
  • My Whole World Is Falling Down (1963) US Pop #24, US AC #8
  • The Grass Is Greener (1963) US Pop #17, US AC #7
  • Alone With You (1964) US Pop #48, US AC #8
  • As Usual (1964) US Pop #12, US AC #5 / UK #5
  • Is It True? (1964) US Pop #17 / UK #17
  • Think (1964) US Pop #25, US AC #4 / UK #26
  • When You Loved Me (1964) US Pop #47, US AC #8
  • Rusty Bells (1965) US Pop #33, US AC #8
  • Too Many Rivers (1965) US Pop #13, US AC #2 / UK #22
  • Truly, Truly True (1965) US Pop #54, US AC #9
  • Coming On Strong (1966) US Pop #11
  • Johnny One Time (1969) US Pop #41, US C&W #50, US AC #3
  • Nobody Wins (1973) US Pop #70, US C&W #5
  • Sunday Sunrise (1973) US C&W #6
  • Wrong Ideas (1974) US C & W #6
  • Big Four Poster Bed (1974) US C&W #4
  • Rock On Baby (1975) US C&W #6
  • He's My Rock (1975) US C&W #8
  • Tell Me What It's Like (1979) US C&W #8
  • The Cowgirl And The Dandy (1980) US C&W #10
  • Broken Trust (w/Oak Ridge Boys, 1980) US C&W #9
  • Hallelujah, I Love You So (w/George Jones, 1985) US C&W #15
  1. «Brenda Lee: The Lady, The Legend». Rockabillyhall.com. Rockabilly Hall of Fame. Arkivert frå originalen 4. mars 2016. Henta 10. april 2019.
  2. «The 200 Greatest Singers of All Time». Rolling Stone. 1. januar 2023. Arkivert frå originalen 8. mars 2023. Henta 8. mars 2023.
  3. «Brenda Lee Hits No. 1 on the Hot 100, Becoming the Oldest Artist to Ever Top the Chart». TheMessengerEntertainment. Arkivert frå originalen 4. desember 2023. Henta 4. desember 2023.
  4. «Brenda Lee (b. 1944)». New Georgia Encyclopedia. Arkivert frå originalen 26. mai 2019. Henta 17. august 2015.
  5. 1 2 3 4 5 Clay, Lee & Oermann 2002.
  6. Bernstein, Jonathan. «Brenda Lee: Inside the Life of a Pop Heroine Next Door». Rollingstone.com. Arkivert frå originalen 11. april 2019. Henta 9. desember 2021.
  7. Bufwack & Oermann 2003.
  8. Roy, Don. «Brenda Lee». Country Music Hall of Fame and Museum. Henta 27. juni 2025.
  9. Jonathan Bernstein: «Inside the Life of Brenda Lee, the Pop Heroine Next Door», Rolling Stone 20. februar 2018; besøkt 25. februar 2024. (Arkivert eksemplar hos Wayback Machine.)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Brenda Lee