Brennflate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kaustikk skapt av eit glas vatn.

Brennflate eller kaustikk er ei tilspissa omhyllingskurve av lysstrålar som er brotne eller spegla i linser eller krumme speglar med sterk krumming eller stor opning. På grunn av sfærisk aberrasjon vert ikkje strålebunten frå eit objektpunkt samla i eit enkelt biletpunkt, men i ei slik brennflate. Brennflata vert kalla katakaustikk når ho oppstår gjennom spegling og diakaustikk når ho oppstår gjennom bryting. Spreielinser og kulespegel skapar tilsvarande virtuelle brennflater.

Viss objektpunktet ligg utanfor den optiske aksen får brennflata ei meir komplisert form. Ho tilspissar seg då i to fråskilde brennlinjer som står vinkelrett på kvarandre og på aksen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]