Brennisteinsalda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Brennisteinsalda
vulkan
Islande Brennisteinsalda 20040816.jpg
Land Flag of Iceland.svg Island
Høgd 855 moh.
Koordinatar 64°53′N 21°24′WKoordinatar: 64°53′N 21°24′W
Wikimedia Commons: Brennisteinsalda

Brennisteinsalda er ein vulkan sør på Island. Han har ei høgd på 855 meter over havet og ligg nær Landmannalaugar og ikkje så langt frå Hekla.

Namnet tyder på norsk «Svolvebølgje» og kjem frå svovelflekkane som har gjeve farge til fjellsidene. Men fjellet har òg andre fargar: Grøn frå mose, svart og blå frå lava og oske, raud frå jern i jorda. Kanskje er fjellet det mest fargerike fjellet på Island så ein finn ofte bilete av det i bøker og kalendrar.

Fjellet er framleis ein aktiv vulkan, noko ein kan sjå på dei varme svovelkjeldene og dampen i fjellsidene. Stien Laugavegur går like ved. Føre fjellet ligg det ei lavaslette av obsidian.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]