Brent-elva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Brent
elv
none  Grand Union-kanalen (til venstre) renn saman med Brent (frå høgre).
Grand Union-kanalen (til venstre) renn saman med Brent (frå høgre).
Land Flag of England.svg England
Grevskap Stor-London
Distrikt/bykommunar London Borough of Barnet, London Borough of Brent, London Borough of Ealing, London Borough of Hounslow
Tilløp
 - venstre Dollis Brook, Decoy Brook, Clitterhouse Brook, Silk Stream, Wealdstone Brook, Gadder brook
 - høgre Mutton Brook, Peggy Back's (subteranian) drain
Byar Brent Cross, Greenford, Hanwell
Lengd 29 km

Brent er ei elv i det søraustlege England. Ho er ei mindre sideelv til Themsen, og ligg innanfor Stor-London. Elva er omkring 29 km lang, og renn stort sett frå nordaust mot sørvest i grusavsetningar frå den siste istida som kviler på leirhaldig jord.

Elva har utspringet sitt i dei låge åsane i Barnet i form av fleire mindre elver. Den viktigaste er dei er tre kilometer lange Dollis Brook, som startar ved Barnet Common i Arkley. Ved Henley's Corner møter ho Mutton Brook, og sjølve Brent byrjar. Ved Brent Bridge kjem òg Decoy Brook inn i Brent. Elva følgjer A406 North Circular Road til Brent Cross.

Ho fortset så langs North Circular Road forbi Stonebridge Park sør for Wembley, og renn under ein akvedukt som fører fram Grand Union-kanalen. Frå Hangar Lane renn ho vestover omkring tre kilomter før ho igjen svingar sørover ved Hanwell.

Hovudkanalen til Grand Union-kanalen renn inn i Brent etter ei rekkje slusar, og den vidare strekninga forbi Osterley og fram til Themsen ovanfor Kew Bridge er gjort til ein kanal med tre slusar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]