Brente steders regulering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristiansund i ruinar etter bombinga i 1940

Brende staders regulering blei etablert 1. juli 1940 for å ta seg av utarbeiding av reguleringsplanar (byplanar) for gjenreising av 27 byar og tettstader som var bomba og øydelagde av Tyskland i april og mai 1940. Etter krigen blei verksemda endra, og galdt gjenreisinga i Nord-Troms og Finnmark etter øydeleggingane der i krigens sluttfase.

Planlegging under krigen[endre | endre wikiteksten]

Brende staders regulering blei oppretta på initiativ av Innanriksdepartementets Gjenreisingsnemnd, fyrst under namnet Krigsskadde staders regulering. Administrasjonsrådet, som var det sivile styringsorganet i den okkuperte delen av Noreg frå 15. april til 25. september 1940, vedtok i slutten av juni 1940 at staten skulle dekke kostnadane med planlegginga. I slutten av juni 1940 fekk Sverre Pedersen spørsmål om å leie planarbeidet, og allereie 1. juli var BSR i funksjon. Då statsadministrasjonen blei nazifisert hausten 1940 blei Gjenreisingsnemnda oppløyst og oppgåvene ho hadde, overførte til Innanriksdepartementet.

Danninga av Brende staders regulering.[endre | endre wikiteksten]

Til å byrje med omfatta planarbeidet 23 stader: Narvik, Bjerkvik, Ankenesstrand, Bodø, Fauske, Rognan, Hemnesberget, Namsos, Steinkjer, Verdalsøra, Kristiansund, Sunndalsøra, Molde, Åndalsnes, Veblungsnes, Dombås, Otta, Kvam, Tretten, Rena, Elverum, Vossevangen og Ulvik (Brakanes). Seinare kom Måløy, Vardø, Honningsvåg og Kirkenes til. Sverre Pedersen hadde hatt planleggingsarbeid i om lag halvparten av desse stadene før krigen.

Det blei raskt bygd opp ein liten stab av fagfolk til arbeidet, men det var ikkje lett å skaffe nok arkitektar og ingeniørar med kompetanse i byplanlegging. Det var eit sterkt ynskje om å få fram planar raskt, så tidsnaud gjorde at det ikkje blei gjort så grundige føreundersøkingar som ynskeleg. Manglande kart gjorde òg arbeidet vanskeleg og tidkrevjande. Det var vanskeleg å skaffe kontor, og den fyrste tida gjekk arbeidet føre seg i to teiknesalar på NTH. Arkitektstudentar hjelpte til med teikning og modellbygging. Allereie i byrjinga av september 1940 blei planforslag for seks byar lagde fram for styresmaktene.

Planarbeid under tysk kontroll[endre | endre wikiteksten]

BSR arbeidde nært saman med lokale styresmakter og kommunale fagfolk. I utgangspunktet meinte tyskarane at den fysiske gjenreisinga var ei norsk sak, men dei greip etter kvart inn i planarbeidet. Reichkommisar Terboven kravde at planane skulle gjennomgåast av hovudavdelingsleiar Oberbaurat Hans Stephan under Generalbauinspektor Albert Speer i Berlin. Stephans merknader handla mykje om at det var teke for mykje omsyn til lokale forhold og grunneigarforhold. Han ynskte òg litt større dimensjonar på enkelte gater og meir bevisst utforming av plassanlegg Men han understreka at planlegginga skulle vere ei norsk sak og utførast av norske arkitektar.

I februar 1941, då dei fyrste regulerings- og soneplanane var blitt godkjende, blei dei etter ynskje frå Reichkommissariat ved Baurat Luther, bearbeidde arkitektonisk med skissemessige fasadeoppriss av gater og plassar , perspektivteikningar og modellar. I løpet av krigen blei alle planane stadfesta av departementet.

Om lag halvparten av planane bygde på Pedersens tidlegare planar, men dei nye planane var mindre storslåtte og meir nøkterne i utforminga. Mange av akseanlegga blei reduserte eller tekne bort, og planane la til grunn mindre vekst og nybygging enn før. Det viktige var å bygge opp igjen det som var øydelagt. Likevel blei det lagt stor vekt på det estetiske og formale. Arkitekturen var enkel og prega av klassisistiske førebilde.

Etter kvart som den tyske krigsmakta fekk større problem, og ein ikkje makta å gjenreise stadene før etter krigen, minka interessa for BSR. Etter februar 1943 var det liten aktivitet. Sjølv om BSRs planar var meint å vere mellombelse var dei fleire stader gjeldande til utpå 1960-talet, og har hatt mykje å seie for utvikling, utforming og utsjånad av staden.

Etter krigen blei Rådet for BSR oppnemnd for å vurdere planane, men det førte ikkje til store endringar. Dei behandla 15 reviderte planar frå krigstida, som alle blei stadfesta av departementet i løpet av 1946.

Planen for Steinkjer som eksempel[endre | endre wikiteksten]

Planen for Steinkjer bygde på Sverre Pedersens tidlegare planarbeid. Han blei utarbeidd i 1940 og litt omarbeidd i 1941/42. Hovudgrepet i planen er hovudgata, Kongens gate, og bru over elva mellom bydelane Sørsia og Norsia. Ved begge bruhovuda er utforma ein plass, på sørsida i samband med det sentrale elementet kyrkja, og gata er opna opp med plassutvidingar. Det blei gjennomført eit rutenettmønster. Det er vist treplantingar i gatene, og ein promenade og park langs elva.

Planlegging etter krigen[endre | endre wikiteksten]

4. oktober 1944 gav Hitler ordre om tilbaketrekking frå Finnmark. Dette førte til brenning og øydelegging av nesten all busetnad mellom Varangerbotn i aust og Lyngen i vest. Ein stor del av befolkninga, nesten 50 000 menneske, blei evakuerte. Under krigen arbeidde eksilregjeringa i London med førebuande planar for gjenreising av landet. Også norske arkitektar i Stockholm etablerte eit fagmiljø som gjorde førebuande planarbeid. Frå hausten 1944 blei arbeida mest konsentrerte om gjenreisinga av Finnmark og Nord-Troms. Det var tankar om å endre busettinga og ikkje bygge opp igjen alle dei øydelagde stadene. Men det skulle vise seg å vere så sterkt i strid med folkeviljen at det ikkje blei noko av.

Organisering av gjenreisingsarbeidet[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen blei gjenreisingsarbeidet organisert med bant anna Boligdirektoratet, som avløyste Gjenreisingsdirektoratet i mai 1946, Krigsskadetrygda, Den norske stats husbank, som blei etablert i 1946, Finnmarkskontoret og Brende staders regulering som viktige organ. Finnmarkskontoret var organisert som eit direktorat og skulle stå for alle gjenreisingsoppgåver i Finnmark og Nord-Troms i nært samarbeid med Boligdirektoratet. Det blei oppretta sju distriktskontor som hadde tilsett blant anna reguleringsarkitekt og distriktsarkitekt.

Store oppgåver for Brende staders regulering[endre | endre wikiteksten]

Brende staders regulering fekk ei endra og viktig rolle i gjenreisingsarbeidet. Etter øydeleggingane var det behov for sone- og reguleringsplanar for nesten alle byar og tettstader i Finnmark og Nord-Troms. Sverre Pedersen trekte seg som leiar, men resten av staben blei verande, så då Erik Rolfsen tok over som leiar i mai 1945 var kontoret intakt. Også fleire arkitektar som hadde arbeidd i Stockholm under krigen, blei med i BSR. Rolfsen hadde arbeidd med gjereisingsplanar i eksilregjeringa i London og kjente problema godt. Han blei òg knytt til Boligdirektoratet, som avløyste Gjenreisingsdirektoratet i mai 1946. Øyvind Pettersen tok over som leiar av BSR då Rolfsen blei byplansjef i Oslo i 1947. BSR låg framleis under Forsynings- og gjenreisingsdepartementet. Då departementet blei lagt ned 30. juni 1950 blei verksemda overført til Kommunal- og arbeidsdepartementet som var oppretta i 1948.

Verksemda hadde hovudkontor i Oslo, og det blei oppretta ti lokale kontor; i Alta, Hammerfest, Havøysund, Honningsvåg, Mehamn, Berlevåg, Båtsfjord, Vardø, Vadsø og Kirkenes. I 1952 blei hovudkontoret i Oslo oppløyst og gjekk inn i Boligdirektoratet. Men i Finnmark eksisterte BSR til 1955. Gjennom desse åra blei det utarbeidd 22 byplanar og 38 tettstadsplanar. Rådet for BSR fungerte som høgaste faglege instans for reguleringsarkitektane i deira arbeid med lokale planar, og gav uttale til planane før dei blei behandla av lokale styresmakter. I alt behandla rådet 17 byplanar og 26 planar for tettstader i Finnmark og Nord-Troms. Rådet blei lagt ned 30. juni 1950, og arbeidet blei overteke av Kommunaldepartementets sakkunnige råd.

Regional tenking[endre | endre wikiteksten]

Nokså snart kjende reguleringsarkitektane behov for ei planlegging som strekte seg ut over den tradisjonelle byplanlegginga. Skulle planane bli av noko verdi måtte dei ta omsyn til mange spørsmål, og ulike element dimensjonerast og utformast slik dei svarte til behova for ei rimeleg framtid. Dei såg behov for meir omfattande og undersøkingar av mange forhold enn det som hadde vore vanleg, og planlegginga måtte omfatte større område. Ei drivkraft bak introduksjonen av regional tenking i planlegginga var Erik Lorange. Han var inspirert av blant andre skotten Patrick Geddes, ein pioner innan regional planlegging. Ved hovudkontoret i Oslo blei det sommaren 1947 tilsett ein geograf, ein sosiolog og ein statistikar for å starte førebuande regionalplanarbeid. Erik Lorange kom då frå Alta-kontoret for å leie dette arbeidet. Det skulle gå nesten 19 år før regionplanlegging blei innført i bygningsloven av 1965.

Soneplanen for Alta som eksempel[endre | endre wikiteksten]

Før den totale raseringa av busettinga var det tre tettstader i Alta: Bossekop, Elvebaken og Bukta, men ingen av dei peikte seg ut som hovudsenter. Etter krigen var det mogleg å gjere noko med dette. På grunnlag av mange intervju, og gjennom regionale analysar av blant anna næringsliv, samferdsel, klima, kulturelle og sosiale forhold og behov, utarbeidde BSRs reguleringskontor ein soneplan som innebar ei viss endring av busetnaden. Planen behandla dei tre stadene i samanheng, og viste eit nytt sentrum i det geografiske midtpunktet, og busettingsmønster etter eit tilnærma bandbymønster langs riksvegen. Sentrum skulle ha administrasjon og forretningar, skolar og idrettsanlegg, og bustader. Det blei utarbeidd reguleringsplanar for Austre Elvebakken, Vestre Elvebakken, Bukta, Sentrum, Midtbakken og Sentrum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Danche, T.M.E. (1986): Opp av ruinene: Gjenreisningen av Finnmark 1945-1960. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag .

http://www.nb.no/nbsok/nb/999419fa214c350e6e5003c542edff12?index=1#67

  • Hagerup, V., Jensen, R. H., Larsen, K. E (1981) Sverre Pedersen – en pionér i norsk bolig- og byplanlegging. Skrift nr. 1981:2. Trondheim: Institutt for by- og regionplanlegging.
  • Lorange, E. (1948): Alta. Plan for gjenreising etter krigsherjingene i 1945. Byggekunst 1948.5 ss. 61- 64. Oslo.
  • Lorang, E. (1977) Regional tenkning. Betingelse for god planlegging. Oslo: Universitetsforlaget.

http://www.nb.no/nbsok/nb/93df9307e157acc52c5b110b4482a3cd?index=1#0

  • Nygaard, W. og Lorange, E. (1950): Fra gjenreising til nyreising. Regionplanmøtet i Alta. Oslo: Johan Grundt Tanum forlag.

http://www.nb.no/nbsok/nb/b65952ec9c87152c7463799e98100e82?index=2#0

  • Pedersen, S. (1943a): Noen meddelelser om reguleringsarbeidet i de krigsherjede byer og steder. Oslo: Norges arkitektforbund.

http://www.gjenreisingsbyer.no/brente-steders-regulering-b-s-r-.4743143-131781.html

  • Pedersen, S. (1943b): Noen meddelelser om reguleringsarbeidet i de krigsherjede byer og steder. Regulering av det brente sentrum av Steinkjer. Oslo: Norges arkitektforbund.

http://www.gjenreisingsbyer.no/brente-steders-regulering-b-s-r.4744260-131781.html

  • Thomassen Ø. (1997): Herlege tider. Norsk byplanegging ca. 1930-1965. Doktoravhandling. Rapport nr. 31. Trondheim: Senter for teknologi og samfunn.
  • Øfsti, R (2010): Eit nasjonalt senter for gjenreisingsbyane våre. Steinkjer ønsker velkommen. Forprosjektrapport. Steinkjer: Nasjonalt senter for gjenreisingsarkitektur.

https://www.google.no/?gws_rd=ssl#q=Eit+nasjonalt+senter+for+gjenreisingsbyane+v%C3%A5re