Bressuire
Utsjånad
| Bressuire | |
|---|---|
| Land Region Departement |
Frankrike Nouvelle-Aquitaine Deux-Sèvres |
| Flatevidd | 180,59 km² |
| Flatevidd • By |
180,59 km² |
| Innbyggjarar • By (1999) - folketettleik |
19 356 98/km² |
| Koordinatar | 46°50′N 00°29′W / 46.833°N 0.483°W |
| Høgd | 173 m m |
| Tidssone • Ved sommartid |
CET (UTC+1) UTC+2 (UTC) |
| Postnummer | 79300 |
Bressuire er ein by og kommune vest i Frankrike med om lag 20 000 innbyggjarar. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Deux-Sèvres i regionen Nouvelle-Aquitaine.
Byen ligg ved elva Dolo, ei sideelv til Argenton. Bressuire har to attraksjonar, kyrkja Notre-Dame, som vart bygd på 1100- og 1400-talet og slottet som vart bygd av herrane av Beaumont, vassalar av vicomten i Thouars. Slottet er i dag ruinar, og delar av det er i dag okkupert av eit moderne château, men ein kan framleis sjå delar av festningsverka. Byen vart mellom anna erobra av engelskmenna og plyndra av franske troppar under du Guesclin i 1370.